fredag 6. november 2009

Øvingsoppgåve: Undervisningsopplegg med rekneark

I Google docs publiserte eg eit rekneark (eg brukte Open Office calc), med to ulike typar gangetabellar. Her er lenka til dette reknearket: https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=0AvTjTOOev7yRdEp0Wnk5ZGdsQ0VVQk5iNXAxb3dXcGc&hl=no
Desse gangetabellane vil eg bruke i undervisningsopplegget.

Eg tenkte at ei 5. klasse i matematikk kan jobbe med å øve på hovudrekning og strategiar for hovudrekning i dei ulike gangeartane i multiplikasjonstabellen (i rekneark) i ein time på datarommet.

Kompetansemål etter 7. årstrinn i Matematikk som er relevante:
- utvikle og bruke metodar for hovudrekning...
- ...bruke rekneark for å utføre og presentere enkle berekningar.
- stille opp og forklare enkle berekningar og framgangsmåtar, og argumentere for løysingsmetodar.
(UFD, 2006: 62)

Det å bruke digitale verkty er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene i alle fag, i tillegg til at rekneark er nyttig for å øve på hovudrekning og strategiar for dette. Det blir dermed ikkje mest fokus på å lære tekniske ferdigheiter, men på matematikken.

Fyrst kan lærar vise elevane på ein projektor korleis den 1. gangetabellen fungerar, ved å skrive eit tal i celle B4, slik at gangearten forandrar seg til same talet. Slik kan ein få fram alle gangeartane i same tabellen! Lærar bør også kommenere at det berre er dette talet dei skal forandre, ikkje nokon av formlane. Deretter kan elevane få prøve seg fram i ein ferdig tabell, med to elevar per datamaskin. Gangetabellen kan gjerne vere litt pynta med fargar og liknande, slik at elevane blir meir motiverte til å jobbe med den. Elevane spør så kvarandre i dei ulike gangeartane, dei svarar, og sjekkar svaret etterpå ved å taste inn gangearten i reknearket. Lærar kan deretter kome med ei utfordring: f.eks. kva 8,5 * 5 er, eller liknande litt vanskelige hovudrekningar. Dei som trur dei veit svaret, svarar, og lærar og elevar sjekkar svaret i gangetabellen i reknearket. Dei som visste svaret kan så prøve å forklare korleis dei kom fram til det. Her må elevane gjerne komme med fleire ulike forslag. Slik kan elevane lære ulike strategiar for hovudrekning av kvarandre.

Til ein seinare time kan elevane få prøve å lage ein slik gangetabell sjølv, sidan den er nokolunde enkel og rask å lage. Dei bør før det ha fått litt grunnleggande kunnskapar om rekneark, slik at det ikkje blir altfor vanskelig, og lærar viser fyrst på projektor. Elevane kan då ha mogelegheit til å lage same gangetabellen heime, og øve på hovudrekning også der.

Gangetabell nr. 2 er tenkt som eit hjelpemiddel til å få oversikt over dei ulike gangeartane, og det kan også bli lettare å sjå samanhengar mellom dei. Denne kan også elevane få prøve å lage sjølv ved eit seinare høve, for den er ganske enkel å få til. Men dei må lære korleis ein kopierar ein formel der ein eller fleire av cellereferansane i formelen ikkje skal endrast. (Absolutt cellereferanse) Dette kan ein gjere ved å skrive dollarteikn framfor dei cellereferansane som ikkje skal endrast: f.eks. C$18*$B19. Denne formelen brukte eg i ei av cellene i gangetabellen (1*1), for så å kopiere den til resten av tabellen.

Kjelder:

UFD (2006) Kunnskapsløftet: Fag og læreplanar for kunnskapsløftet. Undervisnings- og
Forskningsdepartementet [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep [Lasta
ned 05.11.2009]

Ottesen, L m.fl. (2000). IT-guiden. Bergen: Økonomiforlaget i samarbeid med Fagbokforlaget.

Leksjon om rekneark 1: https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/906330713$285502021$/RomArkiv/5.+Veke+44-45+-+Regneark/Veke+44+-+Rekneark+1/DKL101_Regneark_1_h09.pdf. [Lasta ned 27.10.09]

2 kommentarer: