torsdag 12. november 2009

Bruk av lyd i læringssamanheng

Lyd er noko som kan vere med på å gjere undervisninga meir spennande og interessant. Dette fordi ein del elevar lærer betre ved å høyre det dei skal lære, og fordi lyd saman med bilete og tekst gir fleire sanseinntrykk, slik at det er lettare å få med seg det som blir undervist om. Ein har også mange fleire mogelegheiter til å variere arbeidsmåtane ved å bruke lyd i undervisninga, gjerne i tilknyting til multimodale tekstar.

Ein tenkjer kanskje at lydbehandling er noko som har mest med musikkfaget å gjere, men også andre fag har områder som er knytt til lyd. Ein kan bl.a. arbeide med lyd i naturfag, der eit relevant kompetansemål i forhold til lyd etter 7. årstrinn er: ”gjennomføre forsøk med lyd, hørsel og støy, beskrive og forklare resultatene og hvordan vi kan skjerme oss mot uønsket lyd.” (UFD, 2006: 87) Då kan ein kanskje bruke eit lydbehandlingsprogram til å spele inn ulike lydar med forskjellig frekvens, og vurdere kor godt ein høyre lyden, eventuelt om ein oppfattar det som støy eller som behagelig å høyre på. Her kan ein også ha med litt teori om frekvens, lydstyrke, øyret si oppbygging osv.

Ein kan også ha om lyd i norsk, der ein kan arbeide med lyd i samansatte tekstar. I læreplanen for norsk står det: ”Hovudområdet samansatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan vere satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk.” (UFD, 2006: 42) Då kan ein f.eks. jobbe med å lage ein film om eit relevant tema, der lyd er ein viktig del. Elevane kan vise bilder samtidig som dei spelar inn stemmene sine i eit lydbehandlingsprogram, der dei fortel kva bileta viser. Filmen kan også innehalde tekst, slik at det blir eit heilskapleg uttrykk.

Det kan også vere relevant å bruke ein lydopptakar til å lese inn historier, eventyr og liknande for elevar som har vanskar med lesing og skriving i norsk eller andre språkfag. Då kan det vere ei god hjelp å høyre teksten, samtidig som ein ser på orda i boka. Slik kan ein nytte lyd i tilpassa opplæring. Ein lydopptakar kan også vere nyttig i musikk, der elevane kan spele inn musikk og sang, og lytte til det seinare , slik at dei kan reflektere over kva som er bra, og kva dei kanskje kan gjere annleis.

Det er ikkje berre i norsk at ein kan jobbe med samansatte tekstar. I alle fag skal det jobbast med grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og digitalt arbeid. Då ligg det i følgje Høiland og Wølner (2007) også til rette for å arbeide med multimodal tekst (og dermed lyd) i alle fag. (Høiland og Wølner, 2007: 37)

Eit lydbehandlingsprogram som kan vere aktuelt å bruke, er Audacity. Det er eit avansert og godt program ein kan laste gratis ned frå Internett, og det er nokolunde enkelt å lære. Til dette programmet bør ein laste ned ei tilleggsfil, så ein kan eksportere lydfiler til MP3. I dette programmet kan ein spele inn tale, redigere tale og musikk på ulike måtar og gjerne lage høyrespel, Nettradio eller liknande. Elevane kan legge dei redigerte lydfilene i ei digital mappe og gi respons på ulike delar ved lydfila, slik at det blir ein pedagogisk tekst der dei kan lære av kvarandre. (Høiland og Wølner, 2007: 39)

Det er også viktig at elevane får kjennskap til gjeldande lover og reglar, og respekt for opphavsrettsleg beskytta materiale. Ein kan også bruke lybehandlingsprogramma Beaterator og Sequel i arbeid med bl.a. struktur, form og dramaturgi f.eks. i forhold til musikk. (Otnes, 2009: 219-222)

Kjelder:

Høiland, T. & Wølner, T. A (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse - om didaktikk for
arbeid med digitale medier i skolen. Oslo, Gyldendal Akademisk.

UFD (2006) Kunnskapsløftet: Fag og læreplanar for kunnskapsløftet. Undervisnings- og
Forskningsdepartementet [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep [Lasta
ned 11.11.2009]

Otnes, H. (2009) Å være digital i alle fag. Oslo, Univeritetsforlaget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar