mandag 5. oktober 2009

Bruk av hypertekstualitet osv. i skulen

Eks. på elevarbeid/ læringsressursar som nyttar hypertekstualitet/ interaktivitet/ multimodalitet:

- Læringsressursar: http://www.dammskolen.no/
- Elevarbeid: http://pluto.hive.no/pluto2003/hhaugest/norsk/hyptekst/index.htm
- Læringsressursar: http://www.skoleressurser.no/index.php?sideID=122

Eg trur at bruk av hypertekstualitet/ interaktive/ multimodale læringsressursar i skulen godt kan vere eit positivt tillegg til andre læringsressursar. Hypertekstualitet er gjerne eit nettverk av sider med utfyllande info, illustrasjonar osv. (f.eks. ei nettside), der lesaren sjølv kan bestemme kvar han vil gå vidare. Interaktivitet blir ofte brukt om samspel mellom ein brukar og eit datasystem eller program, der brukarens handlingar påverkar programmets utføring og omvendt. Multimodale tekstar treng fleire medium for å formidle bodskapen sin, der tekst, bilete og lyd er gjensidig avhengige av kvarandre for å vere meiningsberande. (Leksjon om tekst1)

Det å bruke oppgåver med lyd og bilete i tillegg til tekst kan gjere at oppgåvene virkar meir interessante, og slik blir kanskje ein del av elevane meir motivert til å jobbe i timane. Det kan også kanskje vere lettare å forstå kva som blir forventa i oppgåvene, sidan det blir visualisert. Fleire av oppgåvene minner kanskje litt om spel og oppgåver elevane brukar på fritida, og dermed blir det gjerne ikkje så teoretisk og kjedelig for elevane. Elevane kan også bli meir aktive og utforskande, sidan der er mange spennande oppgåver å velje mellom. Dette kan igjen vere med på å fremje tilpassa opplæring, sidan elevane lærer på ulike måtar. Slik lærer dei kanskje meir enn viss læraren berre skulle førelest om eit tema på tavla.

I følgje Høiland og Wølner (07) skal det arbeidast med grunnleggjande ferdigheiter som skriving, lesing og digitalt arbeid i alle fag, og då ligg det også til rette for å arbeide med multimodale tekstar i alle fag. Det skal arbeidast både med skriftlege og munnlege tekstar, og desse kan brukast gjennom presentasjon, foredrag og dramatisering, og utvidast til å bli ein samansett tekst med bilete, teikningar, musikk eller andre medieuttrykk. Det kan f.eks. vere avis, radio-, eller tv-reportasjer, internettsider, animasjonar, video, teikneseriar eller dataspel. (Høiland og Wølner 07: 37-38) Dermed er det absolutt aktuelt å bruke multimodaletekstar i skulen ved hjelp av IKT.

På den andre side er det ikkje alt av læringsressursar som er av like god kvalitet, eller som passar for alle elevar. Det er heller ikkje alle elevar som klarar å konsentrere seg om det dei skal når dei jobbar med oppgåver på Internett, og berre tullar med alt anna enn det dei skal. Så dette må ein jo vurdere som lærar, slik at ein ikkje set i gong med slike aktivitetar utan å ha reflektert over fordelar og ulemper. I følgje Høiland og Wølner (07) skal dei digitale hjelpemidla brukast når den kompetente elev eller lærar føler det er naturlig. For å kome dit, må dei bli ein naturleg del av skuledagen. (Høiland og Wølner 07: 44) Derfor bør ein kanskje ikkje vere redd for å nytte slike digitale hjelpemiddel i undervisninga, og det kan sikkert vere ein god ressurs, viss det blir brukt på ein god måte i relevante samanhengar. Mange lærebøker har f.eks. gode tilhøyrande nettsider, f.eks. læreverket "Yggdrasil" i Naturfag. (Lokus 123)

Kjelder:
- Høiland, Terje og Tor Arne Wølner (2007). Fra digital ferdighet til kompetanse- om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen. Oslo: Gyldendal akademisk.
- Leksjon om tekst 1: https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/906330713$285502021$/RomArkiv/3.+Veke+40-41+-+Tekst/Veke+40+-+Tekst+1/DKL101_tekst1_H09.pdf
- Lokus 123: http://www.lokus123.no/?marketplaceId=123&languageId=1&siteNodeId=3385964)

1 kommentar:

  1. Bra det du skriv om at IKT må vere ein naturleg del av skulekvardagen for at elevane skal ha maks utbytte av dei digitale hjelpemidla. Elevane må kunne bruke programma på hensiktsmessig måte og sjå kor læringa skjer i programmet.

    Ungar lærer mykje gjennom leik og dette kan ein godt ta med seg inn i klasserommet slik du seier. Ved å bruke pedagogiske program som også er spel vil elevane kunne ta med seg tidlegare kunnskap om dataspel og bruke dette til å lære meir fag! Å lære skal vere kjekt. Utfordringa for læraren her etter mitt syn er å la elevane bli bevisst på si eiga læring etter økter med pedagogiske program.

    For eldre elevar som ofte skal bruke tekstbehandling i skriveprosessen kan det ofte vere fristande å gå på internett istaden. Tekstbehandlingsprogram har verken lyd eller bileter ein kan bruke til å fange merksemda til elevane og alt dei ser på sjermen har dei produsert sjølve. Når ting blir kjedelig (feks at dei har skrivesperre) er det lett å gå inn på internett for å "finne inspirasjon". Det dei eigentleg gjer er vel heller å rote fokuset vekk frå skulearbeidet. Internett og fritidsspel bør heller ikkje brukast som belønning når elevane er ferdig med det dei skal gjere. nokon vil aldri komme så langt at dei får belønninga utan å ta ein eller fleire snarvegar.

    SvarSlett