mandag 21. september 2009

Øvingsoppgåve3, samling 1: Dataansvarlige

Kva kompetanse bør ein data-ansvarleg på skulen ha?


Ein forventar gjerne at den data-ansvarlege på ein skule skal kunne fikse "alt" av tekniske problem, samtidig som han skal kunne veilede elevane, men dette er vel å legge litt for mykje arbeid på den data-ansvarlege.

Vi kom bl.a. fram til desse punkta, i forhold til kva ein data-ansvarleg på skulen bør kunne:

- Han/ ho bør ha didaktisk kompetanse i IKT for å kunne veilede elevane i forhold til å utvikle deira digitale kompetanse i fag.

- Kanskje kan han/ ho også vere med på å gi grunnleggande datakurs til foreldre som ikkje har så mykje greie på data, slik at det blir lettare for dei å følgje med på kva borna gjer på skulen. (Sidan dei fleste skular no har eiga heimeside og digital læringsplattform.)

- Den data-ansvarlege bør også ha grunnleggande kunnskap om datateknikk, slik at han/ ho kan reparere enklare problem ved datamaskinene.

Det bør kanskje vere fleire som har ansvaret for ulike delar av den digitale kompetansen på skulen, slik at ein tek seg av det didaktiske, medan ein anna fokuserar på det meir tekniske. Slik blir ikkje alt ansvaret lagt på ein person, og det blir mindre arbeid på kvar. Om dei data-ansvarlege jobbar som lærarar i tillegg, bør kanskje ikkje stillinga vere større enn at det er overkomeleg arbeidsmengd til samen, slik at ikkje den data-ansvarlege blir overarbeida. Viss den data-ansvarlege ikkje jobbar som lærar i tillegg, kan ein kanskje forvente at han/ ho skal ha såpass kompetanse i datateknikk at han/ ho kan reparere meir avanserte problem ved datamaskinene, og ha eit større ansvarsområde.

Skulen bør også kanskje ha enkelte datadelar i reserve, slik at det er lettare å fikse datautstyr som ikkje virkar. Det er også ein fordel at maskinene er forholdsvis nye, slik at ein slepp å fikse dei heile tida. Slik kan ein spare mykje frustrasjon. Det er vel ikkje alle kommunar som har råd til altfor mykje datautstyr, men det burde vere øyremerka midlar til dette, sidan digital kompetanse er ein av dei 5 grunnleggjande dugleikane i skulen.


På gruppa: Jorunn Navelsaker, Tove Merete Bøe, Kristine Sandnes og May Helen Gjengedal

https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?docid=0AfTjTOOev7yRZGdoNms1YjhfMWMzZ3czcGdo&hl=no

4 kommentarer:

  1. ka du8 meinar med å fikse dataene? ser at du meiner det tekniske med dataene, og skifte deler og sånt. men er det ikkje nettverk og programmvare som er treigt og ikkje fungerer som det skal som er eit vanleg problem? eller har du opplevt anna?

    SvarSlett
  2. Litt upresist formulert kanskje ja! Eg meinte f.eks. å installere program på nytt viss det er eit program som ikkje virkar. Eller bytte ut eit tastatur der knappane ikkje fungerer, eller liknande. Altså å fikse det som ikkje fungerar som det skal! Eg er ikkje heilt inne i dette dataspråket enda skjønar du ;P

    SvarSlett
  3. Eg er forresten heilt einig med Marie i at den dataansvarlige kanskje bør ha ei heil stilling og ikkje jobbe som lærar i tillegg, slik at han/ho får tid til å gjere jobben sin skikkelig, og vere oppdatert. Det er også ein stor fordel at lærarane også kan ein del grunnleggande om data, slik at ein kan klare å ordne opp i enkle problem sjølve, så ein slepp å mase på alle andre heile tida. Det er vel derfor vi tek dette faget ;)

    SvarSlett
  4. Det er også viktig at lærarane har god nok kompetanse i IKT til å kunne veilede elevane på ein god pedagogisk måte! (Gløymte eit par viktige ting i oppgåva, så tenkte eg kunne legge til eit par kommentarar:))

    SvarSlett