søndag 20. september 2009

1. samling: Øvingsoppgåve 2

Refleksjon rundt bruk av digitale mapper i forhold til skriftleg eksamen i skulen:

Ved å bruke digitale mapper blir kanskje elevane meir motivert til å jobbe ordentleg med oppgåvene undervegs i semesteret, sidan dei veit at nokre av oppgåvene vert vurdert ved mappevurdering. Elevane får også utvida sin digitale kompetanse ved å bruke digitale hjelpemiddel, og det er dessutan lettare å forandre på eit digitalt dokument enn eit som er skrive for hand. Nokre synest derimot at det er best å pugge alt og gjere ferdig eksamenen på ein dag, og ferdig med det, medan andre treng å ta det meir gradvis og få vise kva dei kan undervegs. Det er kanskje også lettare å skrive om eit tema som ein nettopp har hatt om.

Ved bruk av mappeoppgåver får elevane gjerne ei tilbakemelding frå læraren på oppgåvene dei har gjort, og kan slik lære noko nytt, samtidig som dei får mogelegheit til å forbetre oppgåvene før innlevering av mappa. Dei får også meir øving i å bruke relevante kjelder, noko som er viktig både i skulen, arbeidslivet og livet ellers. Nokon meiner kanskje at dette er ei meir rettferdig vurderingsform, medan andre synest det blir for enkelt for elevane. Det kan jo vere fare for at elevane brukar rein avskrift av andre sine arbeid, men dette er gjerne ikkje så vanskelig å oppdage viss ein kjenner elevane godt, så då er det kanskje ikkje noko stort problem.

Så kanskje ein kombinasjon av begge eksamensformene er å føretrekke, men at ein legg mest vekt på mappevurderinga? Då får elevane vist at dei kan ein viss bruk av digitale verktøy i arbeid med mappeoppgåvene, og har forstått kva temaet handlar om. Samtidig som dei får vist at noko av pensum sit igjen ved ein skriftleg eksamen, og ein viser at ein også kan å skrive ein tekst for hand.

2 kommentarer:

  1. Eg er heilt einig med deg at mappevurdering skulle hatt meir plass i skulen. Elevane får betre tid på seg til å forbetre oppgåvene sine, dei blir tvunget til å jobbe jevnt i året om læraren lager tidsfrister for innleveringene og elevene lærer å vurdere eget arbeid ved å kunne plukke ut sine beste arbeider og kunne skrive ein begrunning for sine valg, samt å kunne sjå endringar som kunne gjort oppgåvene enda betre.

    SvarSlett
  2. Takk for god respons!:) Veldig einig i det du skriv.

    Eg trur det blir meir og betre læring om ein jobbar jamt og godt gjennom heile året, og at elevane får vise kva dei kan ut i frå dei emna dei har jobba med undervegs. Det at elevane får velge ut oppgåver dei har gjort (til mappevurdering) gjer også at det blir mindre stress, elevane får meir ro til å konsentrere seg med oppgåvene, og betre tid til å gjere arbeidet skikkeleg.

    I staden for at dei får det store presset på slutten av året der dei skal vise alt dei har lært på ein dags skriftleg eksamen, og kanskje får hjerneteppe fordi det er urimelig mykje dei skal huske på ein gong. Elevane har som regel heller ikkje nokon hjelpemiddel på skriftleg eksamen, og lære dermed ikkje noko særleg av det. Medan ved mappeoppgåver, kan elevane leite i kjelder etter informasjon, og lærer slik mykje meir.

    Elevane får som sagt også betre digital kompetanse ved å bruke digitale mapper, og dette er viktig sidan digital kompetanse er ein av dei 5 gr.leggande ferdigheitene i skulen, og ein meir og meir viktig del av samfunnet.

    SvarSlett