onsdag 24. mars 2010

Informasjonsnavet Netvibes

I dagens informasjonssamfunn, der det blir samla store mengder informasjon på Internett, kan ein lett bli forvirra og gå seg vill i den uoversiktlege informasjonsstraumen. Det kan vere vanskelig å finne fram til relevant og kvalitetssikra informasjon, og ein brukar ofte lang tid på å finne fram til det stoffet ein er interessert i. Det mest vanlege er gjerne å søke på Google, der ein får altfor mange treff, men som regel er det lite av det ein eigentleg leitar etter.

Derfor vil eg seie at det er ein stor fordel å bruke ein RSS-lesar, f.eks. Netvibes, der ein kan samle RSS-straumar frå kvalitetssikra nettsider. Ein kan slik halde seg oppdatert på den siste informasjonen frå dei nettsidene ein er mest interessert i, og samle alle desse på ei side. Det gjer at informasjonen blir mykje meir oversiktleg, og ein slepp å bruke lang tid på å surfe gjennom mykje urelevant informasjon.

Eg har ikkje erfaring med RSS frå før, men ser med ein gong at her er stor nytteverdi både for lærarar, elevar, foreldre og til bruk på fritida. Som lærarar kan ein slik samle kvalitetssikra læringsressursar på nett, slik at både lærarar og elevar lett finn fram til relevant stoff. Når alt ligg på ei side, går det raskt og greit å finne det som er aktuelt, og ein slepp problemet med at elevane brukar lang tid på å leite etter useriøs informasjon. Lærar kan også legge ut RSS-straumar til elevane sine bloggar og nettsida til skulen bl.a., slik at foreldra held seg oppdatert på kva elevane gjer på skulen og beskjedar frå lærar. Privat vil også tida på nett bli brukt mykje meir effektivt ved bruk av RSS-lesarar som netvibes.

Eg oppretta ein konto på Netvibes, og la inn RSS-straumane frå leksjonane om Informasjonskompetanse i tillegg til nokre til, og la inn ulike typar småprogram på mi private side. Dette har eg lagt inn bilete av her. I tillegg oppretta eg ei offentleg side, der eg la inn ressursane eg vil bruke i scenariet. Lenka til den offentlege sida mi: http://www.netvibes.com/gjengmay#M3-ressursar_til_scenariet

Her er eit bilete av DKL 102-fana eg oppretta på den private Netvibes sida mi med nyheiter frå bl.a. Utdanningsdirektoratet, Regjeriinga, Stortinget, NRK, Forskning.no, Store Norske leksikon, Statistisk Sentralbyrå, Kvasir, Answears, m.m.:


Under fana "General" er det småprogram som kalendar, YouTube, været, bildesøk i Flickr, klokka, huskeliste, og Google nyheiter:


Under fana "Internet" er det tjenester som Internettsøk, e-post, Facebook og kartsøk:


Under fana "Fun" er det småprogram g tenester som spelet "smashing", podcastsøk og videosøk:


Kjelde:

Høgh, K. (2007) RSS - Rimelig Smart Skoleredskab [Internett] Tilgjengelig
frå: http://design.emu.dk/artikler/0750-rimeligsmart.html [Lesedato: 07.04.10]

fredag 19. mars 2010

Progresjonsplan for informasjonskompetanse

Spørsmål: Er det er nødvendig med ein eigen progresjonsplan for informasjonskompetanse? Kva bør i tilfelle ein slik plan innehalde?

I dagens informasjonssamfunn fins det store mengder uoversiktleg informasjon, og mykje av dette blir produsert av kem som helst, altså ikkje nødvendigvis folk med fagkunnskapar. Ein kan derfor slett ikkje vere sikker på at den informasjonen ein finn på Internett er til å stole på.

Dagens elevar er oppvaksne med Internett, men i følgje forskargruppa CIBER har dei unge store problem med å vurdere kjeldene og trekke riktige konklusjonar ut av dei. Dei søker tilfeldig på google og Wikipedia og trur gjerne at alt som står der er riktig, eller berre klipper og limer utan å tenke over kva som står der. Å referere til kjelder på Internett har dei heller kanskje ikkje tenkt på. Dette er eit problem som skulane må ta inn over seg.

Læreplanen for kunnskapsløftet krev at digital kompetanse skal vere ein grunnleggjande ferdigheit i alle fag (UFD, 2006: 39). Derfor bør ein i skulen lære elevane opp til korleis dei skal handtere dei digitale hjelpemiddela på ein god måte. Det blir berre meir og meir informasjon å forholde seg til framover, og det er derfor nødvendig å gi elevane opplæing i å sortere ut og vurdere kva informasjon som er relevant og nyttig i deira samanheng, og reflektere over kva dei treng av kunnskap.

Så eg meinar absolutt at det er nødvendig med ein eigen progresjonsplan for informasjonskompetanse. Denne bør innehalde desse punkta:

- Lærar gir elevane oversikt over seriøse og gode nettsider med relevant kunnskap for tema dei jobbar med, gjerne gjennom eit informasjonsnav.
- Lære elevane å reflektere over og vurdere kva kunnskap dei treng på nettet.
- Lære elevane å vurdere kvaliteten på informasjonen. Kva er truverdig? Ein god peikepinne er å sjå om informasjonen har akademiske kjelder.
- Lære elevane å velje ut relevant informasjon og organisere denne på ein samanhengande måte.
- Gi elevane kunnskap om korleis ein set opp ein akademisk tekst og korleis ein refererer til kjelder (Både frå bøker og Internett)
- Gi elevane kunnskap om korleis Internett og ulike nettstadar fungerar, korleis ein kan søke effektivt (ved bruk av søkeord, favorittsider og RSS f.eks.)
- Lære elevane om personvern, opphavsrett og trygg bruk av nett.
- Diskutere kva identitet og privatliv ein får når det sosiale livet føregår i stor grad på nett og ein formidlar informasjon til andre om seg sjølv.

Kjelder:

UFD (2006) Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Midlertidig utgave 2006. Oslo, Utdanningsdirektoratet

CIBER (2009) Britisk rapport: ”Information behaviour of the researcher of the future”. [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.jisc.ac.uk/media/documents/programmes/reppres/gg_final_keynote_11012008.pdf [Lesedato: 19.03.10]

fredag 12. mars 2010

Kan IKT gi meirverdi i tilpassa opplæring?

Oppgåve 3

Tilpassa opplæring er viktig for at alle elevar skal få lære ut i frå sine føresetnadar, og dermed få godt utbyte av undervisning og læringsaktivitetar. Lærar må ta utgangspunkt i eleven sin ståstad, slik at lærestoffet gir høvelege utfordringar, og motiverar alle elevar for læring. Kravet om tilpassa opplæring i skulen blir presisert i læreplanens generelle del:

"Utgangspunktet for oppfostringa av elevane er deira ulike personlege føresetnader, sosiale bakgrunn og lokale tilhør. Opplæringa skal tilpassast til kvar einskild" (UFD, 2006, s. 2)

Alle elevar er ulike, og lærer derfor best på ulike måtar. Derfor er det viktig å variere undervisninga og differensiere elevarbeidet ut i frå vanskegrad i forhold til innhald, arbeidsmetode, oppgåvetypar, presentasjonsformer, og tilrettelegging for hjelpemiddel for dei som treng det, f.eks alternativt betjeningsutstyr til datamaskin o.l. med tanke på elever med motoriske vansker.

Dette kan vere ei stor utfordring å få til i praksis, men ved hjelp av digitale hjelpemiddel kan det kanskje bli enklare for læraren å få ei betre tilpassing for alle elevane. Dei fleste elevar brukar datamaskin og Internett på fritida si til underhaldning og multimedia som film, musikk, spel og sosiale nettstadar m.m. Så mykje som 96 % av 16-19 åringane brukte Internett i 2007 (Hontvedt, 2008), og dei yngre elevane brukar også Internett meir og meir. Det kan derfor vere ein stor motivasjonsfaktor å bruke desse multimedia i læring. Det er noko elevane kan frå før, og synest er kjekt. Mange forstår også gjerne betre lærestoffet når det blir presentert på ein meir visuell måte med både lyd, bilete og tekst. (Samansette tekstar) Dette poengterar også Høiland og Wølner:

"IKT har vist seg å ha gode lærings- og motivasjonsfremjande eigenskapar." (Høiland og Wølner, 2007).

Data og Internett har uendelege mogelegheiter og ressursar i forhold til opplæring. Skolenettet f.eks. har skreve ein del artiklar og viser til mange digitale verkty lærarar kan bruke i forhold til tilpassa opplæring. Ulike dataspel kan nyttast i mange fag, f.eks. i matematikk, slik at elevar med matematikkvanskar lettare forstår samanhengen mellom tala/rekneartane og ting/rekning i dagleglivet, f.eks. å handle på butikken eller telle antal kakestykke. Eks. på eit slikt spel som kan vere nyttig i innlæringa av tal finn ein på busythings.com Her kan elevane få visualisert tala på ein heilt anna måte enn ved å rekne i ei lærebok, og det kan vere meir motiverande når dei får positiv respons når dei gjer det riktig. Spelet er engelsk, men det er likevel veldig lett å sjå korleis ein spelar. Sjølvsagt er læreboka ein viktig del av undervisninga, men IKT kan vere eit verdifullt supplement for mange elevar.

Bilete av mattespelet busy things:

Det same gjeld fag som samfunnsfag og naturfag, der lærar f.eks. kan vise filmar frå YouTube for å vise f.eks. evolusjon på jorda eller korleis breane forma landskapet. Lærestoffet vil då gjerne bli lettare å forstå for dei med dysleksi f.eks, samtidig som dei andre elevane også kanskje synest det er meir spennande og lettare å lære av film, sidan lærestoffet blir presentert på ein meir visuell måte, med lyd og bilder. Då blir det gjerne enklare å forestille seg kva som skjer, enn berre ved å lese i ei bok.

Her er eit klipp frå ein serie laga av BBC: Earth, the power of the planet. I dette klippet handlar det om korleis isbreane forma landskapet. http://www.youtube.com/watch?v=066X3SwnjnI

I norsk kan IKT og så vere eit viktig hjelpemiddel for dei med lese- og skrivevanskar. Dei kan nytte tekstprogram med f.eks. LingDys, med bokmål og nynorsk, fire forskjellige ordbøker, dialekttilpassing, norsk talesyntesetalefunksjon og retteprogram/ordbok, slik at dyslektikarar kan skrive og sjølv finne ut kva som er feil ved å lytte seg fram og sjå i det elektroniske oppslagsverket. Men det er viktig at talefunksjonen er av god kvalitet, slik at ein høyrer godt kva som blir sagt. Lingwrigth er eit liknande program for engelsk språk, og kan vere nyttig for dyslektikarar og ved innlæring av engelsk i skulen. Lingspeak er ein skjermlesar som ein installerar saman med desse to programma.

Lingit, nettstad om programma Dingdys, Lingwright og Lingspeak:

Hagen og Wold skriv at det er forskjell på kva jenter og gutar brukar datamaskina til. Jenter brukar den mest til skulearbeid og sosiale medium, medan gutar brukar den mest til spel og sjå filmar på YouTube. Denne forskjellen bør ein også ta omsyn til i skulen, og variere arbeidsmåtane slik at begge kjønn får mogelegheit til å lære på måtar som passar dei best.

Dessutan er digital kompetanse ein av dei fem grunnleggande ferdigheitene, og skulen skal derfor ta i bruk IKT i alle fag, også som ein del av tilpassa opplæring. (UFD, 2006: 39)

Kjelder:

UFD (2006) Læreplanverket for kunnskapsløftet. Midlertidig utgave juni 2006. Utdannings- og forskingsdepartementet.


Høiland, T. og Wølner, T.A. (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse. Oslo: Gyldendal akademisk.

Skolenettet: http://www.skolenettet.no/Default.aspx?epslanguage=NO

Lingit, Produkt for lese- og skrivestøtte: http://lingit.no/

fredag 5. mars 2010

Bruk av Google Earth i undervisning

Eg jobba på gruppe med Marie Bortheim og Trine Kirkeland, og vi laga denne oppgåva med bruk av Google Earth for elevar på mellomsteget:

Oppgåve: Finn og tag ti kjente bygninger i Google Earth og skriv ti faktasetninger om dei. Dette kan vere religiøse bygninger, kjente kjennemerke i byer osv.

Kompetansemål etter 7. årstrinn
Elevane skal kunne:

- RLE: beskrive tempelet og synagogen og reflektere over deres betydning og bruk og nytte digitale verktøy til å søke informasjon og lage presentasjoner.

-Geografi: lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar.

-Kunst og handverk: beskrive særtrekk ved bygninger i nærmiljøet og sammenligne med nasjonale og internasjonale stilretninger.

Eksempel på del av oppgåvesvar:

Kheopspyramiden

Eg søkte på Kheops pyramid, Egypt i Google Earth, og tagga pyramiden med verktyet "add placemark". Denne stadmarkeringa kan elevane dele med lærar og medelevar.

Geotagging i Google Earth:

Geotagging av Kheopspyramiden med verktyet 360 cities (frå panoramabilete, der ein kan sjå seg rundt der ein står):


Bilde av Kheopspyramiden kan elevane hente frå Wikipedia, som er lenka til Google earth. På Wikipedia kan elevane også finne faktasetningar om pyramiden:


Eks. på faktasetningar:

Den store pyramiden i Giza, er det einaste av verdens sju underverk som er bevart. Det er verdens mest kjente pyramide.

Kheopspyramiden er den største av de tre store pyramidane i Giza, like utanfor Kairo, hovedstaden i Egypt.


Kjelder:

UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet – grep, Utdannings-og
forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengelig fra:
http://www.udir.no/templates/udir/TM_UtdProgrFag.aspx?id=2103 [Lasta ned 05.03.10]

torsdag 25. februar 2010

Barn og unges digitale arena

Øvingsoppgåve 9.1. (refleksjon rundt Generasjon.com og leksjonen)

Det er tydeleg at media er blitt meir og meir sentral i barn og unges identitetsskaping og kunnskapsbygging dei siste åra. Det er dermed ikkje lenger berre skulen som påverkar elevane i danningsprosessen deira. Borna har i dagens samfunn mykje større fridom i forhold til kva dei vil sjå på eller finne informasjon om, sidan Internett er ei enorm kjelde til informasjon og underhaldning, og derfor får også foreldre og lærarar mindre kontroll med kva elevane lærer av haldningar.

Dette kan vere ei utfordring, i tillegg til andre problem som kan kome av nettbruk, som digital mobbing, nettkriminalitet og seksuell trakassering. Men det fins også mange mogelegheiter ved dei digitale media, og dette bør ein som lærarar ta tak i , i tillegg til å informere elevane om kva dei bør vere forsiktige med og lære elevane gode haldningar (fokus på personvern og trygg bruk av nett) Mange elevar har ein viss digital kompetanse når dei byrjar på skulen, og dette bør ein ta tak i i skulen, og lære elevane korleis dei kan nytte digitale media på måtar som kan vere nyttige for dei.

Tønnesen peikar på at datamaskina, ved sidan av TV er den tekniske kanalen som er omgitt med mest prestisje, og at unge kan markere seg ved å gjere eigne val. For å forstå korleis vi kan utnytte potensialet i barn og unges digitale arena, må vi forstå deira konsumentrolle. (Tønnesen, 2007: 51) Dette temaet er eit stort område som det kan vere vanskelig å få oversikt over, men det er viktig at ein som lærarar prøvar å setje seg inn i elevane sin digitale kvardag, og finne ut korleis dei bruker digitale media, slik at det er mogeleg å finne ut kva som vil fungere i skulen, og kva som i større grad kan motivere elevane, slik at dei føler skulearbeidet er relevant og meiningsfylt for kvardagen deira.

I følgje Tønnesen er det forskjell på kva gutar og jenter brukar PC-en til. I 15-åringar sine svar på eit spørjeskjema om kva dei brukar datamaskina mest ttil (2004) var det flest av gutane som svarte at dei brukte datamaskina mest til spel, medan det var flest av jentene som svarte at dei brukte den mest til chat og e-post. (Tønnesen, 2007, s. 38) Det kan derfor vere ei kjønnsfordeling i forhold til digitale interesser blant elevane som ein bør ta omsyn til som lærar i skulen. Ein kan f.eks. veksle mellom bruk av ulike typar digitale aktivitetar, slik at alle elevane får jobbe med noko som interesserar dei av og til.

Tønnesen skriv også at ein del av kompetanseoppbygginga og kunnskapsproduksjonen i oppveksten forflyttast til nye arenaer "der de jevnaldrende som kan litt mer en de andre blir viktige læremestre" (Tønnesen, 2007: 11). Eksempel på dette finn ein bl.a. på YouTube, der mange folk, både barn og vaksne har lagt ut over 1 milliard videoar! Her kan ein lære om alt ein kan tenke seg, frå å spele gitar og sjå på treningstips, til å lære om menneskets evolusjon frå apane. Så det er absolutt potensiale for konstruktiv bruk av dette mediet i skulen. Det kan vere eit nyttig supplement til læreboka for å visualisere ulike tema, slik at lærestoffet kanskje blir meir forståeleg for elevane. Men utfordringa kan vere å finne gode filmar sidan der er så mange å velje i mellom, og elevane kan lett bli distraherte av useriøse filmar, så her bør lærar velje ut relevante filmar på førehand.

Andre digitale verkty elevane gjerne brukar på fritida som kan vere nyttige i skulen, er:

- Blogg: Dei kan skrive samansette tekstar, lage digitale porteføljer, skrive logg og diskutere faglege tema med lærar, medelevar og andre.
- Flickr: Kan nyttast til å finne og lagre bilete til bruk i kunst og handverk.
- MSN og Facebook: Elevane kan få svar på spørsmål i forbindelse med skulearbeid, eller skrive beskjedar til lærar utanom skuletid.
- Spel (ulike typar spel som kan gi elevane fagleg læring)

Ein kan også introdusere andre digitale verkty som elevane kanskje ikkje brukar i så stor grad på fritida, men som dei likevel kanskje synest er kjekke, som

- Comic Life (lage digitale teikneseriar)
- Prezi (lage fantasifulle presentasjonar)
- Xtranormal Activity (lage animasjonsfilmar)

Kjelde:

Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo, Universitetstforlaget.

Leksjonar:

Amdam, S. (2010). Digital arena 1. Barn og unge sin digitale arena.

Antvort, K. (2010). Digital arena 2. Barn og unges digitale arena.

Antvort, K. og Bakke Sæterås, K. (2010) Sammensatte tekster.

onsdag 10. februar 2010

Digitale tankekart

Tankekart i MinDomo

Fordelar med digitale tankekart er at det er lett å strukturere, det er ingen fysisk avgrensing, det er lett å redigere og angre, lett å arkivere og finne att, og lett å eksportere/ presentere for andre. I MinDomo kan ein også samarbeide med andre i same tankekart.

I skulen kan ein f.eks. nytte tankekart til å få oversikt over eit tema, ta notat, idemyldre, lage disposisjon til ei oppgåve, planlegging, hjelp til å huske viktige stikkord før prøver, som kognitiv støtte og ved samarbeid. Mykje av dette er nyttig både på skulen, i arbeid og for dagleglivet ellers.

Eg har laga eit tankekart i MinDomo som hjelp til planlegging og strukturering av ei gruppeoppgåve i Mat og Helse: Utforsking av matpåstandar. Det var ei god hjelp for å få oversikt over kva vi skal gjere, og korleis vi kan finne svar på oppgåva. Lenka til tankekartet er å finne her: http://www.mindomo.com/view.htm?m=a68a87c961c249f9b80d39a8506316d7

Her er også eit bilete av tankekartet:

tirsdag 9. februar 2010

Verkty for arbeid med samansette tekstar

Eg har sett på verktya Comic Life og Prezi, og vil skrive litt om kva mogelegheiter desse kan gi for arbeid med samansette tekstar i skulen. UFD (2006) beskriv samansette tekstar slik: "Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan vere satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det inneberer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater." (UFD, 2006: 42)

Comic Life: Dette er eit artig program som ein kan nytte for å lage teikneseriar, bildeseriar med tekst, historier med tekst og bilete o.l. Det er derfor eit nyttig program i forhold til arbeid med samansette tekstar i skulen, f.eks. teikneseriar og bildefortellingar i norsk, kreativ framstilling av bilete i kunst og handverk, og å skrive logg med bilete ved f.eks. forsøk og feltarbeid i naturfag. Ein kan også til ei viss grad nytte det til å presentere tema i forbindelse med prosjektarbeid eller andre oppgåver i dei ulike faga, men andre program, som Prezi er kanskje meir tenkt til presentasjon.

Comic Life er eit enkelt program, der ein kan velje mellom ulike typar oppsett, dra inn eigne bilete, sette inn snakkebobler eller tekstboksar og skrive tekst med ulike typar skrift og størrelse. Eg prøvde det, og det gikk raskt å finne ut korleis det virkar, så det kan vere ein fordel viss ein skal jobbe med teikneseriar i småskulen f.eks. Det er lisensiert, men ein kan prøve det gratis i 30 dagar. Det har også ein utdanningsversjon til redusert pris. Programmet må lastast ned og installerast på PC-en.

I norskfaget kan ein knyte bl.a. desse kompetansemåla til bruk av Comic Life:
  • uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegninger, bilder, musikk og bevegelser (etter 2. årstrinn)
  • lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde (etter 4. årstrinn)
  • lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy (etter 7. årstrinn)
(UFD, 2006: 45-47)

I kunst og handverk er desse kompetansemåla relevante:
  • sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike sammenhenger (etter 7. årstrinn)
  • dokumentere eget arbeid i multimediepresentasjoner (etter 10. årstrinn)
(UFD, 2006: 133-134)

I naturfag er dette kompetansemålet aktuelt:
  • skrive logg ved forsøk og feltarbeid og presentere rapporter ved bruk av digitale hjelpemidler (etter 10. årstrinn)
(UFD, 2006: 88)





Her har eg laga eit eks. på biletforteljing med ein skitur i Comic Life.


Prezi: Dette er eit web-basert presentasjonsverkty, men det kan også lastast ned. Det fins både betalingsversjonar og ein Edu-versjon for lærarar og studentar som er gratis. Her må ein lage seg ein brukarkonto. Presentasjonen består av eit stort ark, der ein kan legge til bilete, animasjonar, tekst osv. Alle elementa her kan roterast, endrast i storleik og flyttast. Ein kan så teikne opp ein "sti" for kva rekkefølgje elementa skal visast i, og zoome inn der ein vil ha eit nermare blikk på ulike delar av presentasjonen. Presentasjonane kan også redigerast i ettertid.

I forhold til arbeid med samansette tekstar i skulesamanheng, er dette eit veldig enkelt og bra verkty for elevane å bruke for å presentere arbeid dei har gjort i ulike fag i form av ein samansett tekst. Presentasjonen kan bli ganske stilig ved å bruke ulike verkty, slik at det blir artig for elevane både å lage den og å sjå på andre sine presentasjonar.

I naturfag er desse kompetansemåla relevante:
  • publisere resultat fra egne undersøkelser ved å bruke digitale verktøy (etter 7. årstrinn)
  • foreta relevante værmålinger og presentere resultatene med og uten digitale hjelpemidler (etter 7. årstrinn)
(UFD, 2006: 87)

I samfunnsfag er dette aktuelle kompetansemål:
  • lage visuelle framstillingar av to eller fleire tidlege elvekulturar ved hjelp av digitale verkty (etter 7. årstrinn)
  • planlegge og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy (etter 7. årstrinn)
(UFD, 2006: 122)

Her er ei lenke til ein film på nettsida til Prezi som beskriv korleis Prezi kan vere eit nyttig presentasjonsverkty: http://prezi.com/


Kjelder: UFD (2006) Læreplanverket for kunnskapsløftet. Midlertidig utgåve, 2006. Oslo: Utdannings- og forskingsdepartementet.