fredag 19. mars 2010

Progresjonsplan for informasjonskompetanse

Spørsmål: Er det er nødvendig med ein eigen progresjonsplan for informasjonskompetanse? Kva bør i tilfelle ein slik plan innehalde?

I dagens informasjonssamfunn fins det store mengder uoversiktleg informasjon, og mykje av dette blir produsert av kem som helst, altså ikkje nødvendigvis folk med fagkunnskapar. Ein kan derfor slett ikkje vere sikker på at den informasjonen ein finn på Internett er til å stole på.

Dagens elevar er oppvaksne med Internett, men i følgje forskargruppa CIBER har dei unge store problem med å vurdere kjeldene og trekke riktige konklusjonar ut av dei. Dei søker tilfeldig på google og Wikipedia og trur gjerne at alt som står der er riktig, eller berre klipper og limer utan å tenke over kva som står der. Å referere til kjelder på Internett har dei heller kanskje ikkje tenkt på. Dette er eit problem som skulane må ta inn over seg.

Læreplanen for kunnskapsløftet krev at digital kompetanse skal vere ein grunnleggjande ferdigheit i alle fag (UFD, 2006: 39). Derfor bør ein i skulen lære elevane opp til korleis dei skal handtere dei digitale hjelpemiddela på ein god måte. Det blir berre meir og meir informasjon å forholde seg til framover, og det er derfor nødvendig å gi elevane opplæing i å sortere ut og vurdere kva informasjon som er relevant og nyttig i deira samanheng, og reflektere over kva dei treng av kunnskap.

Så eg meinar absolutt at det er nødvendig med ein eigen progresjonsplan for informasjonskompetanse. Denne bør innehalde desse punkta:

- Lærar gir elevane oversikt over seriøse og gode nettsider med relevant kunnskap for tema dei jobbar med, gjerne gjennom eit informasjonsnav.
- Lære elevane å reflektere over og vurdere kva kunnskap dei treng på nettet.
- Lære elevane å vurdere kvaliteten på informasjonen. Kva er truverdig? Ein god peikepinne er å sjå om informasjonen har akademiske kjelder.
- Lære elevane å velje ut relevant informasjon og organisere denne på ein samanhengande måte.
- Gi elevane kunnskap om korleis ein set opp ein akademisk tekst og korleis ein refererer til kjelder (Både frå bøker og Internett)
- Gi elevane kunnskap om korleis Internett og ulike nettstadar fungerar, korleis ein kan søke effektivt (ved bruk av søkeord, favorittsider og RSS f.eks.)
- Lære elevane om personvern, opphavsrett og trygg bruk av nett.
- Diskutere kva identitet og privatliv ein får når det sosiale livet føregår i stor grad på nett og ein formidlar informasjon til andre om seg sjølv.

Kjelder:

UFD (2006) Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Midlertidig utgave 2006. Oslo, Utdanningsdirektoratet

CIBER (2009) Britisk rapport: ”Information behaviour of the researcher of the future”. [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.jisc.ac.uk/media/documents/programmes/reppres/gg_final_keynote_11012008.pdf [Lesedato: 19.03.10]

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar