fredag 12. mars 2010

Kan IKT gi meirverdi i tilpassa opplæring?

Oppgåve 3

Tilpassa opplæring er viktig for at alle elevar skal få lære ut i frå sine føresetnadar, og dermed få godt utbyte av undervisning og læringsaktivitetar. Lærar må ta utgangspunkt i eleven sin ståstad, slik at lærestoffet gir høvelege utfordringar, og motiverar alle elevar for læring. Kravet om tilpassa opplæring i skulen blir presisert i læreplanens generelle del:

"Utgangspunktet for oppfostringa av elevane er deira ulike personlege føresetnader, sosiale bakgrunn og lokale tilhør. Opplæringa skal tilpassast til kvar einskild" (UFD, 2006, s. 2)

Alle elevar er ulike, og lærer derfor best på ulike måtar. Derfor er det viktig å variere undervisninga og differensiere elevarbeidet ut i frå vanskegrad i forhold til innhald, arbeidsmetode, oppgåvetypar, presentasjonsformer, og tilrettelegging for hjelpemiddel for dei som treng det, f.eks alternativt betjeningsutstyr til datamaskin o.l. med tanke på elever med motoriske vansker.

Dette kan vere ei stor utfordring å få til i praksis, men ved hjelp av digitale hjelpemiddel kan det kanskje bli enklare for læraren å få ei betre tilpassing for alle elevane. Dei fleste elevar brukar datamaskin og Internett på fritida si til underhaldning og multimedia som film, musikk, spel og sosiale nettstadar m.m. Så mykje som 96 % av 16-19 åringane brukte Internett i 2007 (Hontvedt, 2008), og dei yngre elevane brukar også Internett meir og meir. Det kan derfor vere ein stor motivasjonsfaktor å bruke desse multimedia i læring. Det er noko elevane kan frå før, og synest er kjekt. Mange forstår også gjerne betre lærestoffet når det blir presentert på ein meir visuell måte med både lyd, bilete og tekst. (Samansette tekstar) Dette poengterar også Høiland og Wølner:

"IKT har vist seg å ha gode lærings- og motivasjonsfremjande eigenskapar." (Høiland og Wølner, 2007).

Data og Internett har uendelege mogelegheiter og ressursar i forhold til opplæring. Skolenettet f.eks. har skreve ein del artiklar og viser til mange digitale verkty lærarar kan bruke i forhold til tilpassa opplæring. Ulike dataspel kan nyttast i mange fag, f.eks. i matematikk, slik at elevar med matematikkvanskar lettare forstår samanhengen mellom tala/rekneartane og ting/rekning i dagleglivet, f.eks. å handle på butikken eller telle antal kakestykke. Eks. på eit slikt spel som kan vere nyttig i innlæringa av tal finn ein på busythings.com Her kan elevane få visualisert tala på ein heilt anna måte enn ved å rekne i ei lærebok, og det kan vere meir motiverande når dei får positiv respons når dei gjer det riktig. Spelet er engelsk, men det er likevel veldig lett å sjå korleis ein spelar. Sjølvsagt er læreboka ein viktig del av undervisninga, men IKT kan vere eit verdifullt supplement for mange elevar.

Bilete av mattespelet busy things:

Det same gjeld fag som samfunnsfag og naturfag, der lærar f.eks. kan vise filmar frå YouTube for å vise f.eks. evolusjon på jorda eller korleis breane forma landskapet. Lærestoffet vil då gjerne bli lettare å forstå for dei med dysleksi f.eks, samtidig som dei andre elevane også kanskje synest det er meir spennande og lettare å lære av film, sidan lærestoffet blir presentert på ein meir visuell måte, med lyd og bilder. Då blir det gjerne enklare å forestille seg kva som skjer, enn berre ved å lese i ei bok.

Her er eit klipp frå ein serie laga av BBC: Earth, the power of the planet. I dette klippet handlar det om korleis isbreane forma landskapet. http://www.youtube.com/watch?v=066X3SwnjnI

I norsk kan IKT og så vere eit viktig hjelpemiddel for dei med lese- og skrivevanskar. Dei kan nytte tekstprogram med f.eks. LingDys, med bokmål og nynorsk, fire forskjellige ordbøker, dialekttilpassing, norsk talesyntesetalefunksjon og retteprogram/ordbok, slik at dyslektikarar kan skrive og sjølv finne ut kva som er feil ved å lytte seg fram og sjå i det elektroniske oppslagsverket. Men det er viktig at talefunksjonen er av god kvalitet, slik at ein høyrer godt kva som blir sagt. Lingwrigth er eit liknande program for engelsk språk, og kan vere nyttig for dyslektikarar og ved innlæring av engelsk i skulen. Lingspeak er ein skjermlesar som ein installerar saman med desse to programma.

Lingit, nettstad om programma Dingdys, Lingwright og Lingspeak:

Hagen og Wold skriv at det er forskjell på kva jenter og gutar brukar datamaskina til. Jenter brukar den mest til skulearbeid og sosiale medium, medan gutar brukar den mest til spel og sjå filmar på YouTube. Denne forskjellen bør ein også ta omsyn til i skulen, og variere arbeidsmåtane slik at begge kjønn får mogelegheit til å lære på måtar som passar dei best.

Dessutan er digital kompetanse ein av dei fem grunnleggande ferdigheitene, og skulen skal derfor ta i bruk IKT i alle fag, også som ein del av tilpassa opplæring. (UFD, 2006: 39)

Kjelder:

UFD (2006) Læreplanverket for kunnskapsløftet. Midlertidig utgave juni 2006. Utdannings- og forskingsdepartementet.


Høiland, T. og Wølner, T.A. (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse. Oslo: Gyldendal akademisk.

Skolenettet: http://www.skolenettet.no/Default.aspx?epslanguage=NO

Lingit, Produkt for lese- og skrivestøtte: http://lingit.no/

fredag 5. mars 2010

Bruk av Google Earth i undervisning

Eg jobba på gruppe med Marie Bortheim og Trine Kirkeland, og vi laga denne oppgåva med bruk av Google Earth for elevar på mellomsteget:

Oppgåve: Finn og tag ti kjente bygninger i Google Earth og skriv ti faktasetninger om dei. Dette kan vere religiøse bygninger, kjente kjennemerke i byer osv.

Kompetansemål etter 7. årstrinn
Elevane skal kunne:

- RLE: beskrive tempelet og synagogen og reflektere over deres betydning og bruk og nytte digitale verktøy til å søke informasjon og lage presentasjoner.

-Geografi: lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar.

-Kunst og handverk: beskrive særtrekk ved bygninger i nærmiljøet og sammenligne med nasjonale og internasjonale stilretninger.

Eksempel på del av oppgåvesvar:

Kheopspyramiden

Eg søkte på Kheops pyramid, Egypt i Google Earth, og tagga pyramiden med verktyet "add placemark". Denne stadmarkeringa kan elevane dele med lærar og medelevar.

Geotagging i Google Earth:

Geotagging av Kheopspyramiden med verktyet 360 cities (frå panoramabilete, der ein kan sjå seg rundt der ein står):


Bilde av Kheopspyramiden kan elevane hente frå Wikipedia, som er lenka til Google earth. På Wikipedia kan elevane også finne faktasetningar om pyramiden:


Eks. på faktasetningar:

Den store pyramiden i Giza, er det einaste av verdens sju underverk som er bevart. Det er verdens mest kjente pyramide.

Kheopspyramiden er den største av de tre store pyramidane i Giza, like utanfor Kairo, hovedstaden i Egypt.


Kjelder:

UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet – grep, Utdannings-og
forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengelig fra:
http://www.udir.no/templates/udir/TM_UtdProgrFag.aspx?id=2103 [Lasta ned 05.03.10]

torsdag 25. februar 2010

Barn og unges digitale arena

Øvingsoppgåve 9.1. (refleksjon rundt Generasjon.com og leksjonen)

Det er tydeleg at media er blitt meir og meir sentral i barn og unges identitetsskaping og kunnskapsbygging dei siste åra. Det er dermed ikkje lenger berre skulen som påverkar elevane i danningsprosessen deira. Borna har i dagens samfunn mykje større fridom i forhold til kva dei vil sjå på eller finne informasjon om, sidan Internett er ei enorm kjelde til informasjon og underhaldning, og derfor får også foreldre og lærarar mindre kontroll med kva elevane lærer av haldningar.

Dette kan vere ei utfordring, i tillegg til andre problem som kan kome av nettbruk, som digital mobbing, nettkriminalitet og seksuell trakassering. Men det fins også mange mogelegheiter ved dei digitale media, og dette bør ein som lærarar ta tak i , i tillegg til å informere elevane om kva dei bør vere forsiktige med og lære elevane gode haldningar (fokus på personvern og trygg bruk av nett) Mange elevar har ein viss digital kompetanse når dei byrjar på skulen, og dette bør ein ta tak i i skulen, og lære elevane korleis dei kan nytte digitale media på måtar som kan vere nyttige for dei.

Tønnesen peikar på at datamaskina, ved sidan av TV er den tekniske kanalen som er omgitt med mest prestisje, og at unge kan markere seg ved å gjere eigne val. For å forstå korleis vi kan utnytte potensialet i barn og unges digitale arena, må vi forstå deira konsumentrolle. (Tønnesen, 2007: 51) Dette temaet er eit stort område som det kan vere vanskelig å få oversikt over, men det er viktig at ein som lærarar prøvar å setje seg inn i elevane sin digitale kvardag, og finne ut korleis dei bruker digitale media, slik at det er mogeleg å finne ut kva som vil fungere i skulen, og kva som i større grad kan motivere elevane, slik at dei føler skulearbeidet er relevant og meiningsfylt for kvardagen deira.

I følgje Tønnesen er det forskjell på kva gutar og jenter brukar PC-en til. I 15-åringar sine svar på eit spørjeskjema om kva dei brukar datamaskina mest ttil (2004) var det flest av gutane som svarte at dei brukte datamaskina mest til spel, medan det var flest av jentene som svarte at dei brukte den mest til chat og e-post. (Tønnesen, 2007, s. 38) Det kan derfor vere ei kjønnsfordeling i forhold til digitale interesser blant elevane som ein bør ta omsyn til som lærar i skulen. Ein kan f.eks. veksle mellom bruk av ulike typar digitale aktivitetar, slik at alle elevane får jobbe med noko som interesserar dei av og til.

Tønnesen skriv også at ein del av kompetanseoppbygginga og kunnskapsproduksjonen i oppveksten forflyttast til nye arenaer "der de jevnaldrende som kan litt mer en de andre blir viktige læremestre" (Tønnesen, 2007: 11). Eksempel på dette finn ein bl.a. på YouTube, der mange folk, både barn og vaksne har lagt ut over 1 milliard videoar! Her kan ein lære om alt ein kan tenke seg, frå å spele gitar og sjå på treningstips, til å lære om menneskets evolusjon frå apane. Så det er absolutt potensiale for konstruktiv bruk av dette mediet i skulen. Det kan vere eit nyttig supplement til læreboka for å visualisere ulike tema, slik at lærestoffet kanskje blir meir forståeleg for elevane. Men utfordringa kan vere å finne gode filmar sidan der er så mange å velje i mellom, og elevane kan lett bli distraherte av useriøse filmar, så her bør lærar velje ut relevante filmar på førehand.

Andre digitale verkty elevane gjerne brukar på fritida som kan vere nyttige i skulen, er:

- Blogg: Dei kan skrive samansette tekstar, lage digitale porteføljer, skrive logg og diskutere faglege tema med lærar, medelevar og andre.
- Flickr: Kan nyttast til å finne og lagre bilete til bruk i kunst og handverk.
- MSN og Facebook: Elevane kan få svar på spørsmål i forbindelse med skulearbeid, eller skrive beskjedar til lærar utanom skuletid.
- Spel (ulike typar spel som kan gi elevane fagleg læring)

Ein kan også introdusere andre digitale verkty som elevane kanskje ikkje brukar i så stor grad på fritida, men som dei likevel kanskje synest er kjekke, som

- Comic Life (lage digitale teikneseriar)
- Prezi (lage fantasifulle presentasjonar)
- Xtranormal Activity (lage animasjonsfilmar)

Kjelde:

Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo, Universitetstforlaget.

Leksjonar:

Amdam, S. (2010). Digital arena 1. Barn og unge sin digitale arena.

Antvort, K. (2010). Digital arena 2. Barn og unges digitale arena.

Antvort, K. og Bakke Sæterås, K. (2010) Sammensatte tekster.

onsdag 10. februar 2010

Digitale tankekart

Tankekart i MinDomo

Fordelar med digitale tankekart er at det er lett å strukturere, det er ingen fysisk avgrensing, det er lett å redigere og angre, lett å arkivere og finne att, og lett å eksportere/ presentere for andre. I MinDomo kan ein også samarbeide med andre i same tankekart.

I skulen kan ein f.eks. nytte tankekart til å få oversikt over eit tema, ta notat, idemyldre, lage disposisjon til ei oppgåve, planlegging, hjelp til å huske viktige stikkord før prøver, som kognitiv støtte og ved samarbeid. Mykje av dette er nyttig både på skulen, i arbeid og for dagleglivet ellers.

Eg har laga eit tankekart i MinDomo som hjelp til planlegging og strukturering av ei gruppeoppgåve i Mat og Helse: Utforsking av matpåstandar. Det var ei god hjelp for å få oversikt over kva vi skal gjere, og korleis vi kan finne svar på oppgåva. Lenka til tankekartet er å finne her: http://www.mindomo.com/view.htm?m=a68a87c961c249f9b80d39a8506316d7

Her er også eit bilete av tankekartet:

tirsdag 9. februar 2010

Verkty for arbeid med samansette tekstar

Eg har sett på verktya Comic Life og Prezi, og vil skrive litt om kva mogelegheiter desse kan gi for arbeid med samansette tekstar i skulen. UFD (2006) beskriv samansette tekstar slik: "Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan vere satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det inneberer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater." (UFD, 2006: 42)

Comic Life: Dette er eit artig program som ein kan nytte for å lage teikneseriar, bildeseriar med tekst, historier med tekst og bilete o.l. Det er derfor eit nyttig program i forhold til arbeid med samansette tekstar i skulen, f.eks. teikneseriar og bildefortellingar i norsk, kreativ framstilling av bilete i kunst og handverk, og å skrive logg med bilete ved f.eks. forsøk og feltarbeid i naturfag. Ein kan også til ei viss grad nytte det til å presentere tema i forbindelse med prosjektarbeid eller andre oppgåver i dei ulike faga, men andre program, som Prezi er kanskje meir tenkt til presentasjon.

Comic Life er eit enkelt program, der ein kan velje mellom ulike typar oppsett, dra inn eigne bilete, sette inn snakkebobler eller tekstboksar og skrive tekst med ulike typar skrift og størrelse. Eg prøvde det, og det gikk raskt å finne ut korleis det virkar, så det kan vere ein fordel viss ein skal jobbe med teikneseriar i småskulen f.eks. Det er lisensiert, men ein kan prøve det gratis i 30 dagar. Det har også ein utdanningsversjon til redusert pris. Programmet må lastast ned og installerast på PC-en.

I norskfaget kan ein knyte bl.a. desse kompetansemåla til bruk av Comic Life:
  • uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegninger, bilder, musikk og bevegelser (etter 2. årstrinn)
  • lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde (etter 4. årstrinn)
  • lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy (etter 7. årstrinn)
(UFD, 2006: 45-47)

I kunst og handverk er desse kompetansemåla relevante:
  • sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike sammenhenger (etter 7. årstrinn)
  • dokumentere eget arbeid i multimediepresentasjoner (etter 10. årstrinn)
(UFD, 2006: 133-134)

I naturfag er dette kompetansemålet aktuelt:
  • skrive logg ved forsøk og feltarbeid og presentere rapporter ved bruk av digitale hjelpemidler (etter 10. årstrinn)
(UFD, 2006: 88)





Her har eg laga eit eks. på biletforteljing med ein skitur i Comic Life.


Prezi: Dette er eit web-basert presentasjonsverkty, men det kan også lastast ned. Det fins både betalingsversjonar og ein Edu-versjon for lærarar og studentar som er gratis. Her må ein lage seg ein brukarkonto. Presentasjonen består av eit stort ark, der ein kan legge til bilete, animasjonar, tekst osv. Alle elementa her kan roterast, endrast i storleik og flyttast. Ein kan så teikne opp ein "sti" for kva rekkefølgje elementa skal visast i, og zoome inn der ein vil ha eit nermare blikk på ulike delar av presentasjonen. Presentasjonane kan også redigerast i ettertid.

I forhold til arbeid med samansette tekstar i skulesamanheng, er dette eit veldig enkelt og bra verkty for elevane å bruke for å presentere arbeid dei har gjort i ulike fag i form av ein samansett tekst. Presentasjonen kan bli ganske stilig ved å bruke ulike verkty, slik at det blir artig for elevane både å lage den og å sjå på andre sine presentasjonar.

I naturfag er desse kompetansemåla relevante:
  • publisere resultat fra egne undersøkelser ved å bruke digitale verktøy (etter 7. årstrinn)
  • foreta relevante værmålinger og presentere resultatene med og uten digitale hjelpemidler (etter 7. årstrinn)
(UFD, 2006: 87)

I samfunnsfag er dette aktuelle kompetansemål:
  • lage visuelle framstillingar av to eller fleire tidlege elvekulturar ved hjelp av digitale verkty (etter 7. årstrinn)
  • planlegge og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy (etter 7. årstrinn)
(UFD, 2006: 122)

Her er ei lenke til ein film på nettsida til Prezi som beskriv korleis Prezi kan vere eit nyttig presentasjonsverkty: http://prezi.com/


Kjelder: UFD (2006) Læreplanverket for kunnskapsløftet. Midlertidig utgåve, 2006. Oslo: Utdannings- og forskingsdepartementet.

torsdag 21. januar 2010

Presentasjon av sosiale verkty i Wikien

Gruppa vår (nr. 3) ; May Helen Gjengedal, Marie Bortheim og Tove Merete Bøe, har i wikien vår skreve om ulike funksjonar i fire sosiale nettsamfunn: Facebook, MSN, Wiki og YouTube. Vi har også kommentert korleis ein kan bruke desse på ein pedagogisk måte i skulen.


Lenka til gruppe-wikien vår er å finne her: http://dklgruppe3.wikispaces.com/

onsdag 13. januar 2010

Sosial Web

Nettsamfunn i skulen:

Det ligg store mogelegheiter i det å ta i bruk den sosiale weben (Web 2.0) i skulen. Elevane kan då enkelt laste opp og dele kunnskap med kvarandre, og dette ligg det mykje lærdom i, både i forhold til digital og sosial kompetanse, og i forhold til opparbeiding av fagkunnskap. Her er det mogelegheit for bruk av multimodale tekstar (tekst, lyd og bilete) i undervisninga, som mange elevar lærer lettare av enn berre å lese ein tekst. Samtidig kan ein kanskje klare å engasjere skuleleie elevar som ikkje forstår vitsen med skulen, fordi mykje av innhaldet der ikkje er relatert til dagleglivet deira (som består mykje av digitale medium). Digital kompetanse (ein av 5 gr.leggande ferdigheiter) og bruk av samansatte tekstar er også ein viktig del av LK 06.

Det ligg også ein del utfordringar i det å ta i bruk sosiale nettstadar i skulen. For det fyrste kan det vere ein fare for at elevane sit på Facebook eller YouTube og ser på lite faglege ting i staden for å følgje med i undervisninga, og det er kanskje ein del elevar som ukritisk melder seg inn i mange ulike nettsamfunn og publiserar ting utan å tenke over konsekvensane. Derfor er det lurt å ta nokre forholdsreglar, som f.eks. å vere tydeleg på kva metodar og medium som skal brukast i undervisninga, og ha klare retningslinjer for bruk av Internett og nettsamfunn som er utarbeida av lærarar og elevar saman. F.eks. treng ikkje elevane ha eigne pc-ar tilgjengelege på pulten heile tida, men dei kan få jobbe med data i eigne timar på datarom. Slik blir mest mogeleg av tida brukt til faglege ting. Lærar bør også ha mest mogeleg oversikt over kva elevane jobbar med, og bør derfor vere registrert på dei same stadane som elevane.

Eks. på sosiale nettsamfunn i skulen:

YouTube:
På YouTube kan ein finne filmar om all verdens tema ein kan tenke seg, og det er enkelt å laste opp filmar til eiga side (viss ein har registrert seg - noko som er enkelt) og søke i andre sine filmar, der ein også får tips til andre filmar innanfor same tema. Her kan ein lære mykje, også innanfor skulefaglege tema. Dette er ein god ressurs som kan nyttast i undervisninga på mange måtar. Elevane kan laste ned/lagre relevante videoar, og kanskje laste opp videoar som dei lagar på skulen. Mange elevar nyttar denne nettstaden i fritida si, og derfor bør ein vise interesse og utnytte den kompetansen elevane har på dette feltet. Ei utfordring kan vere at elevane blir distrahert av mange andre filmar som ikkje er relatert til undervisninga. Derfor bør det kanskje i størst grad vere eit medium læraren brukar til å vise eksempel frå ulike faglege tema på ein projektor i klasserommet e.l. Det kan mange elevar som synest det er mykje meir spennande og meir lærerikt å sjå filmar i forhold til å berre lese i ei bok, fordi dei får fleire inntrykk i form av både lyd, bilete og tekst. Dei blir sannsynlegvis også meir motivert når dei ser at læraren tek fritidskulturen deira på alvor, og ser nokon av dei same mogelegheitane som dei gjer i forhold til desse nettsamfunna.

Facebook: Veldig mange unge er registrert på Facebook og brukar dette dagleg, eller i alle fall fleire gongar i veka. Her kan ein skrive kva ein gjer på i augeblinken, kommentere andre sine innlegg, melde seg inn i ulike grupper alt etter interesse og diskutere ulike tema, chatte, legge til ulike spel og underhaldning, videoar, bilete, musikk og mykje meir. Derfor er det mange mogelegheiter for skulearbeid her, f.eks. i forhold til multimodale tekstar. I staden for at elevane må lure seg til å sjekke sida si i timane, kan dei heller bruke det i skuletimane på ein fornuftig måte, f.eks. få i oppgåve å skrive innlegg om eit tema på ei gruppeside,
ha faglege diskusjonar med medelevane, elevane kan kome med spørsmål til læraren og medelevane viss dei legg kvarandre til som kontakter. Det er også ein plass der skulen kan legge ut informasjon.

Del og bruk: Dette er eit nettverk for lærarar, pedagogar, forskarar, byråkratar, bibliotekarar og andre med interesse for sosial web, IKT og skule. Ein kan dele meiningar og kunnskapar om ulike skulefaglege tema og Sosial Web/ IKT. Her kan f.eks. lærarar kome med innspel i forhold til korleis ein kan bruke IKT i undervisninga og få gode tips til undervisningsopplegg av andre. Eg er litt usikker på kor relevant dette er for elevar, for det virkar som det er helst for lærarar og liknande.


Kjelder:

Hontvedt, M. (2008) Forskning viser vei 14 - ITU. Internett. Tilgjengeleg
frå: http://www.ituarkiv.no/filearchive/FV14.pdf [Lasta ned 13.01.10]

Hontvedt, M. og Kløvstad, V. (200) Nye nettfenomener. Internett. Tilgjengeleg
frå: http://www.ituarkiv.no/filearchive/Nye_Nettfenomen.pdf [Lasta ned 13.01.10]

Kløvstad, V. og Storsul, T. (2009) Vil du laste ned Web 2.0? Internett. Tilgjengeleg
frå: http://deltemeninger.no/-/page/show/2807_vil-du-laste-nedweb-
2-0?ref=mst [Lasta ned 13.01.10]

Youtube. Michael Wesch (2008). Web 2.0 og læringsmiljø. Internett. Tilgjengeleg frå: http://www.youtube.com/watch?v=J4yApagnr0s [Lasta ned 13.01.10]