mandag 19. april 2010

Produksjon av animasjonsfilm

På siste samlinga i DKL 102, fredag 16.04.10, lagde eg, Marie Bortheim, Are Thunes, Laila Heggen og Trine Kirkeland ein animasjonsfilm der temaet var "reklame for binders".

Vi hadde med oss utstyr som:

- Digitalt fotoapparat
- Bærbar PC
- Binders
- Plastilin i rødt, grønt, gult og blått
- Farga ark
- Blyant/ tusj

Etter idèmyldringa byrja vi å lage til dei tinga vi ville ha med i filmen, som:

- ark med fjes av plasilin
- stiftemaskin med sint og skummelt fjes av plastilin
- limtube med fjes av plastilin

Vi skreiv så manus og teikna storyboard, slik at vi såg for oss korleis filmen og historia skulle bli.

Vi la deretter to kvite A3 ark ved sidan av kvarandre, så vi fikk ein nøytral bakgrunn utan forstyrrande element. Her la vi på dei ulike tinga i riktig rekkefølge, og flytta på dei litt etter litt, slik at vi fekk mange bilete, der det såg ut som figurane bevegde seg når vi viste bileta etter kvarandre i Windows moviemaker.

Til slutt brukte vi litt tid på å reflektere over kva mål vi hadde for dette arbeidet og korleis dette kunne føre til læring for elevane. Det blei litt lite tid, men vi fikk ein artig film til slutt, og lærte litt om korleis ein kan nytte ein slik aktivitet i undervisning, og kva element some er viktige for at det skal føre til læring. Viss ein skal bruke denne arbeidsmåten med elevar bør ein bruke ein del tid på det, så dei får tid til å reflektere over meininga med arbeidet i tillegg til sjølve produksjonen som er ganske tidkrevjande og kanskje litt vanskelig for mindre elevar. Lærar bør derfor bruke ein del tid på å la elevane få prøve seg fram, og ha ein strukturert/ konkret plan for gjennomføringa.

Ved å jobbe med animasjonsfilm blir elevane motiverte fordi det er ein ny måte å jobbe på, dei får bruke sin kreativitet og skapande evner, og bruke eigne erfaringar frå leik med plastilin, teikning, klipp og lim osv. Det viktigaste er likevel at dei når fleire læreplanmål, både generelle og fagspesifikke, for eksempel i kunst og handverk. Digital kompetanse skal jo vere ein del av alle fag, så det skal vere mogeleg å flette inn i dei fleste fag med eit passande tema, der dei bl.a. lærer å jobbe med bilete, lyd og samansette tekstar i tillegg til fagtemaet.

Animasjonsvideoen vår la vi ut på youtube, og den er å finne her:





mandag 29. mars 2010

Kjeldekritisk vurdering av nettstaden "All about explorers"

Øvingsoppgåve 2:

Nettstaden "All about explorers" gir på hovudsida informasjon om kven som er målgruppa og kva som er føremålet med sida. Det er ei nettside som i følgje forfattarane gir elevane oppgåver som skal gjere dei meir kjeldekritiske. Det er ei grundig gjennomarbeida nettside om sjøfararar, der elevane skal svare på tre spørsmål om ein valgt sjøfarar ved å finne fakta på to interne sider som er lenka til. Elevane skal her vurdere om informasjonen er truverdig, og lære på ein utforskande og litt spanande måte at alt dei les på internett ikkje nødvendigvis treng å vere sant. Her kan elevane bruke ulike kjeldekritiske spørsmål for å finne ut kva som er god informasjon:

- Kva domenenamn har nettstaden? (no: norsk nettside, com: komersiell nettside, org: organisasjon) Ut i frå kva type nettside det er kan ein til ei viss grad vurdere truverdigheita, men ein må også sjå på andre ting.
- Er nettstaden objektiv? (Ser ei sak frå ulike sider)
- Kva er forfattaren si hensikt med informasjonen? (Å påverke eller informere på ein nøytral måte?)
- Er nettstaden grundig eller har den mange slurvefeil? (Viss det er mykje skrivefeil, er det eit varsel om at informasjonen også kan vere feil)
- Kor tid blei nettstaden sist oppdatert? (Kor relevant dette er kjem an på kva tema det gjeld)
- Oppgir nettstaden kjelder dei har brukt? (Viss ikkje er det vanskeleg å vite om ein kan stole på informasjonen)
- Kven er målgruppa til nettstaden?
- Skriv forfattarane noko om seg sjølv? (Ut i frå yrke og alder kan ein vurdere om det er folk med mykje kunnskap og erfaring eller ikkje)
(Harboe, 2008, s. 110-111)

Forfattarane seier under fana "About" tydeleg at det dei skriv om sjøfararane er delvis oppdikta, og at ein derfor ikkje skal bruke desse interne sidene som kjelde. Dei har i tillegg ein del eksterne lenker og henvisningar til litteratur som dei meinar er så riktige som mogeleg, noko som er med på å gjere nettstaden enda meir truverdig.

Forfattarane skriv under fana "Home"at dei er to personar som har laga desse nettsidene ved sidan av arbeidet, og tek gjerne i mot kommentarar og tips til korleis dei kan gjere nettstaden betre. Dette gir oss også trygghet fordi dei er ærlige om at alt dei skriv ikkje nødvendigvis er heilt rett, men at dei vil gjere sitt beste for å rette på det.

Med lita skrift nederst på sida finn vi "Authors", der forfattarane skriv om seg sjølve med fullt namn, kva dei jobbar med og kvar, men lyg litt med hensikt nokon stadar, for å gjere elevane merksame på at dei heile tida må vere kritiske. Dei skriv derimot kva som er riktig etterpå, slik at vi kan stole på det dei skriv som er sant.


Under "Privacy Policy" skriv dei også korleis dei vil bruke informasjon dei får gjennom e-post o.l., og dei viser til ei e-post adresse der ein kan kontakte dei viss ein vil seie i frå om noko. Dette er også med på å auke truverdigheita deira. Sida deira er oppdatert 13. Mars 2010, så det viser at dei er aktive på sida enda.

Nettadresse:
Nettstaden "All about explorers" har denne nettadressa: http://www.allaboutexplorers.com
Domenenamnet com fortel oss at det er ein kommersiell server. Ut i frå dette kan ein ikkje seie så mykje om kor truverdig nettsaden er, for kven som helst kan lage ei nettside med dette domenenamnet. Men ut i frå all informasjonen som eg ellers finn på sida, vil eg seie at dette er ei ganske truverdig side med gode oppgåver som er hensiktsmessige i forhold til å lære elevar om kjeldekritikk. Eg har prøvd ut oppgåvene sjølv, og synest dei fungerer bra på den måten at eg ser at alt eg finn på Internett ikkje stemmer, og at det er lurt å ha nokre vurderingsmetodar for å vurdere kva som er truverdig informasjon.

Kjelder:

Harboe, L. (2008) Norskboka.no. Digitale verktøy i norskfaget. Oslo, Universitetsforlaget.

Aungst, G. og Zucker, L. (2010) All about explorers. [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.allaboutexplorers.com [Lesedato: 29.03.10]

onsdag 24. mars 2010

Informasjonsnavet Netvibes

I dagens informasjonssamfunn, der det blir samla store mengder informasjon på Internett, kan ein lett bli forvirra og gå seg vill i den uoversiktlege informasjonsstraumen. Det kan vere vanskelig å finne fram til relevant og kvalitetssikra informasjon, og ein brukar ofte lang tid på å finne fram til det stoffet ein er interessert i. Det mest vanlege er gjerne å søke på Google, der ein får altfor mange treff, men som regel er det lite av det ein eigentleg leitar etter.

Derfor vil eg seie at det er ein stor fordel å bruke ein RSS-lesar, f.eks. Netvibes, der ein kan samle RSS-straumar frå kvalitetssikra nettsider. Ein kan slik halde seg oppdatert på den siste informasjonen frå dei nettsidene ein er mest interessert i, og samle alle desse på ei side. Det gjer at informasjonen blir mykje meir oversiktleg, og ein slepp å bruke lang tid på å surfe gjennom mykje urelevant informasjon.

Eg har ikkje erfaring med RSS frå før, men ser med ein gong at her er stor nytteverdi både for lærarar, elevar, foreldre og til bruk på fritida. Som lærarar kan ein slik samle kvalitetssikra læringsressursar på nett, slik at både lærarar og elevar lett finn fram til relevant stoff. Når alt ligg på ei side, går det raskt og greit å finne det som er aktuelt, og ein slepp problemet med at elevane brukar lang tid på å leite etter useriøs informasjon. Lærar kan også legge ut RSS-straumar til elevane sine bloggar og nettsida til skulen bl.a., slik at foreldra held seg oppdatert på kva elevane gjer på skulen og beskjedar frå lærar. Privat vil også tida på nett bli brukt mykje meir effektivt ved bruk av RSS-lesarar som netvibes.

Eg oppretta ein konto på Netvibes, og la inn RSS-straumane frå leksjonane om Informasjonskompetanse i tillegg til nokre til, og la inn ulike typar småprogram på mi private side. Dette har eg lagt inn bilete av her. I tillegg oppretta eg ei offentleg side, der eg la inn ressursane eg vil bruke i scenariet. Lenka til den offentlege sida mi: http://www.netvibes.com/gjengmay#M3-ressursar_til_scenariet

Her er eit bilete av DKL 102-fana eg oppretta på den private Netvibes sida mi med nyheiter frå bl.a. Utdanningsdirektoratet, Regjeriinga, Stortinget, NRK, Forskning.no, Store Norske leksikon, Statistisk Sentralbyrå, Kvasir, Answears, m.m.:


Under fana "General" er det småprogram som kalendar, YouTube, været, bildesøk i Flickr, klokka, huskeliste, og Google nyheiter:


Under fana "Internet" er det tjenester som Internettsøk, e-post, Facebook og kartsøk:


Under fana "Fun" er det småprogram g tenester som spelet "smashing", podcastsøk og videosøk:


Kjelde:

Høgh, K. (2007) RSS - Rimelig Smart Skoleredskab [Internett] Tilgjengelig
frå: http://design.emu.dk/artikler/0750-rimeligsmart.html [Lesedato: 07.04.10]

fredag 19. mars 2010

Progresjonsplan for informasjonskompetanse

Spørsmål: Er det er nødvendig med ein eigen progresjonsplan for informasjonskompetanse? Kva bør i tilfelle ein slik plan innehalde?

I dagens informasjonssamfunn fins det store mengder uoversiktleg informasjon, og mykje av dette blir produsert av kem som helst, altså ikkje nødvendigvis folk med fagkunnskapar. Ein kan derfor slett ikkje vere sikker på at den informasjonen ein finn på Internett er til å stole på.

Dagens elevar er oppvaksne med Internett, men i følgje forskargruppa CIBER har dei unge store problem med å vurdere kjeldene og trekke riktige konklusjonar ut av dei. Dei søker tilfeldig på google og Wikipedia og trur gjerne at alt som står der er riktig, eller berre klipper og limer utan å tenke over kva som står der. Å referere til kjelder på Internett har dei heller kanskje ikkje tenkt på. Dette er eit problem som skulane må ta inn over seg.

Læreplanen for kunnskapsløftet krev at digital kompetanse skal vere ein grunnleggjande ferdigheit i alle fag (UFD, 2006: 39). Derfor bør ein i skulen lære elevane opp til korleis dei skal handtere dei digitale hjelpemiddela på ein god måte. Det blir berre meir og meir informasjon å forholde seg til framover, og det er derfor nødvendig å gi elevane opplæing i å sortere ut og vurdere kva informasjon som er relevant og nyttig i deira samanheng, og reflektere over kva dei treng av kunnskap.

Så eg meinar absolutt at det er nødvendig med ein eigen progresjonsplan for informasjonskompetanse. Denne bør innehalde desse punkta:

- Lærar gir elevane oversikt over seriøse og gode nettsider med relevant kunnskap for tema dei jobbar med, gjerne gjennom eit informasjonsnav.
- Lære elevane å reflektere over og vurdere kva kunnskap dei treng på nettet.
- Lære elevane å vurdere kvaliteten på informasjonen. Kva er truverdig? Ein god peikepinne er å sjå om informasjonen har akademiske kjelder.
- Lære elevane å velje ut relevant informasjon og organisere denne på ein samanhengande måte.
- Gi elevane kunnskap om korleis ein set opp ein akademisk tekst og korleis ein refererer til kjelder (Både frå bøker og Internett)
- Gi elevane kunnskap om korleis Internett og ulike nettstadar fungerar, korleis ein kan søke effektivt (ved bruk av søkeord, favorittsider og RSS f.eks.)
- Lære elevane om personvern, opphavsrett og trygg bruk av nett.
- Diskutere kva identitet og privatliv ein får når det sosiale livet føregår i stor grad på nett og ein formidlar informasjon til andre om seg sjølv.

Kjelder:

UFD (2006) Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Midlertidig utgave 2006. Oslo, Utdanningsdirektoratet

CIBER (2009) Britisk rapport: ”Information behaviour of the researcher of the future”. [Internett] Tilgjengeleg frå: http://www.jisc.ac.uk/media/documents/programmes/reppres/gg_final_keynote_11012008.pdf [Lesedato: 19.03.10]

fredag 12. mars 2010

Kan IKT gi meirverdi i tilpassa opplæring?

Oppgåve 3

Tilpassa opplæring er viktig for at alle elevar skal få lære ut i frå sine føresetnadar, og dermed få godt utbyte av undervisning og læringsaktivitetar. Lærar må ta utgangspunkt i eleven sin ståstad, slik at lærestoffet gir høvelege utfordringar, og motiverar alle elevar for læring. Kravet om tilpassa opplæring i skulen blir presisert i læreplanens generelle del:

"Utgangspunktet for oppfostringa av elevane er deira ulike personlege føresetnader, sosiale bakgrunn og lokale tilhør. Opplæringa skal tilpassast til kvar einskild" (UFD, 2006, s. 2)

Alle elevar er ulike, og lærer derfor best på ulike måtar. Derfor er det viktig å variere undervisninga og differensiere elevarbeidet ut i frå vanskegrad i forhold til innhald, arbeidsmetode, oppgåvetypar, presentasjonsformer, og tilrettelegging for hjelpemiddel for dei som treng det, f.eks alternativt betjeningsutstyr til datamaskin o.l. med tanke på elever med motoriske vansker.

Dette kan vere ei stor utfordring å få til i praksis, men ved hjelp av digitale hjelpemiddel kan det kanskje bli enklare for læraren å få ei betre tilpassing for alle elevane. Dei fleste elevar brukar datamaskin og Internett på fritida si til underhaldning og multimedia som film, musikk, spel og sosiale nettstadar m.m. Så mykje som 96 % av 16-19 åringane brukte Internett i 2007 (Hontvedt, 2008), og dei yngre elevane brukar også Internett meir og meir. Det kan derfor vere ein stor motivasjonsfaktor å bruke desse multimedia i læring. Det er noko elevane kan frå før, og synest er kjekt. Mange forstår også gjerne betre lærestoffet når det blir presentert på ein meir visuell måte med både lyd, bilete og tekst. (Samansette tekstar) Dette poengterar også Høiland og Wølner:

"IKT har vist seg å ha gode lærings- og motivasjonsfremjande eigenskapar." (Høiland og Wølner, 2007).

Data og Internett har uendelege mogelegheiter og ressursar i forhold til opplæring. Skolenettet f.eks. har skreve ein del artiklar og viser til mange digitale verkty lærarar kan bruke i forhold til tilpassa opplæring. Ulike dataspel kan nyttast i mange fag, f.eks. i matematikk, slik at elevar med matematikkvanskar lettare forstår samanhengen mellom tala/rekneartane og ting/rekning i dagleglivet, f.eks. å handle på butikken eller telle antal kakestykke. Eks. på eit slikt spel som kan vere nyttig i innlæringa av tal finn ein på busythings.com Her kan elevane få visualisert tala på ein heilt anna måte enn ved å rekne i ei lærebok, og det kan vere meir motiverande når dei får positiv respons når dei gjer det riktig. Spelet er engelsk, men det er likevel veldig lett å sjå korleis ein spelar. Sjølvsagt er læreboka ein viktig del av undervisninga, men IKT kan vere eit verdifullt supplement for mange elevar.

Bilete av mattespelet busy things:

Det same gjeld fag som samfunnsfag og naturfag, der lærar f.eks. kan vise filmar frå YouTube for å vise f.eks. evolusjon på jorda eller korleis breane forma landskapet. Lærestoffet vil då gjerne bli lettare å forstå for dei med dysleksi f.eks, samtidig som dei andre elevane også kanskje synest det er meir spennande og lettare å lære av film, sidan lærestoffet blir presentert på ein meir visuell måte, med lyd og bilder. Då blir det gjerne enklare å forestille seg kva som skjer, enn berre ved å lese i ei bok.

Her er eit klipp frå ein serie laga av BBC: Earth, the power of the planet. I dette klippet handlar det om korleis isbreane forma landskapet. http://www.youtube.com/watch?v=066X3SwnjnI

I norsk kan IKT og så vere eit viktig hjelpemiddel for dei med lese- og skrivevanskar. Dei kan nytte tekstprogram med f.eks. LingDys, med bokmål og nynorsk, fire forskjellige ordbøker, dialekttilpassing, norsk talesyntesetalefunksjon og retteprogram/ordbok, slik at dyslektikarar kan skrive og sjølv finne ut kva som er feil ved å lytte seg fram og sjå i det elektroniske oppslagsverket. Men det er viktig at talefunksjonen er av god kvalitet, slik at ein høyrer godt kva som blir sagt. Lingwrigth er eit liknande program for engelsk språk, og kan vere nyttig for dyslektikarar og ved innlæring av engelsk i skulen. Lingspeak er ein skjermlesar som ein installerar saman med desse to programma.

Lingit, nettstad om programma Dingdys, Lingwright og Lingspeak:

Hagen og Wold skriv at det er forskjell på kva jenter og gutar brukar datamaskina til. Jenter brukar den mest til skulearbeid og sosiale medium, medan gutar brukar den mest til spel og sjå filmar på YouTube. Denne forskjellen bør ein også ta omsyn til i skulen, og variere arbeidsmåtane slik at begge kjønn får mogelegheit til å lære på måtar som passar dei best.

Dessutan er digital kompetanse ein av dei fem grunnleggande ferdigheitene, og skulen skal derfor ta i bruk IKT i alle fag, også som ein del av tilpassa opplæring. (UFD, 2006: 39)

Kjelder:

UFD (2006) Læreplanverket for kunnskapsløftet. Midlertidig utgave juni 2006. Utdannings- og forskingsdepartementet.


Høiland, T. og Wølner, T.A. (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse. Oslo: Gyldendal akademisk.

Skolenettet: http://www.skolenettet.no/Default.aspx?epslanguage=NO

Lingit, Produkt for lese- og skrivestøtte: http://lingit.no/

fredag 5. mars 2010

Bruk av Google Earth i undervisning

Eg jobba på gruppe med Marie Bortheim og Trine Kirkeland, og vi laga denne oppgåva med bruk av Google Earth for elevar på mellomsteget:

Oppgåve: Finn og tag ti kjente bygninger i Google Earth og skriv ti faktasetninger om dei. Dette kan vere religiøse bygninger, kjente kjennemerke i byer osv.

Kompetansemål etter 7. årstrinn
Elevane skal kunne:

- RLE: beskrive tempelet og synagogen og reflektere over deres betydning og bruk og nytte digitale verktøy til å søke informasjon og lage presentasjoner.

-Geografi: lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar.

-Kunst og handverk: beskrive særtrekk ved bygninger i nærmiljøet og sammenligne med nasjonale og internasjonale stilretninger.

Eksempel på del av oppgåvesvar:

Kheopspyramiden

Eg søkte på Kheops pyramid, Egypt i Google Earth, og tagga pyramiden med verktyet "add placemark". Denne stadmarkeringa kan elevane dele med lærar og medelevar.

Geotagging i Google Earth:

Geotagging av Kheopspyramiden med verktyet 360 cities (frå panoramabilete, der ein kan sjå seg rundt der ein står):


Bilde av Kheopspyramiden kan elevane hente frå Wikipedia, som er lenka til Google earth. På Wikipedia kan elevane også finne faktasetningar om pyramiden:


Eks. på faktasetningar:

Den store pyramiden i Giza, er det einaste av verdens sju underverk som er bevart. Det er verdens mest kjente pyramide.

Kheopspyramiden er den største av de tre store pyramidane i Giza, like utanfor Kairo, hovedstaden i Egypt.


Kjelder:

UFD (2006) De fastsatte læreplaner for Kunnskapsløftet – grep, Utdannings-og
forskningsdepartementet, Oslo [Internett] Tilgjengelig fra:
http://www.udir.no/templates/udir/TM_UtdProgrFag.aspx?id=2103 [Lasta ned 05.03.10]

torsdag 25. februar 2010

Barn og unges digitale arena

Øvingsoppgåve 9.1. (refleksjon rundt Generasjon.com og leksjonen)

Det er tydeleg at media er blitt meir og meir sentral i barn og unges identitetsskaping og kunnskapsbygging dei siste åra. Det er dermed ikkje lenger berre skulen som påverkar elevane i danningsprosessen deira. Borna har i dagens samfunn mykje større fridom i forhold til kva dei vil sjå på eller finne informasjon om, sidan Internett er ei enorm kjelde til informasjon og underhaldning, og derfor får også foreldre og lærarar mindre kontroll med kva elevane lærer av haldningar.

Dette kan vere ei utfordring, i tillegg til andre problem som kan kome av nettbruk, som digital mobbing, nettkriminalitet og seksuell trakassering. Men det fins også mange mogelegheiter ved dei digitale media, og dette bør ein som lærarar ta tak i , i tillegg til å informere elevane om kva dei bør vere forsiktige med og lære elevane gode haldningar (fokus på personvern og trygg bruk av nett) Mange elevar har ein viss digital kompetanse når dei byrjar på skulen, og dette bør ein ta tak i i skulen, og lære elevane korleis dei kan nytte digitale media på måtar som kan vere nyttige for dei.

Tønnesen peikar på at datamaskina, ved sidan av TV er den tekniske kanalen som er omgitt med mest prestisje, og at unge kan markere seg ved å gjere eigne val. For å forstå korleis vi kan utnytte potensialet i barn og unges digitale arena, må vi forstå deira konsumentrolle. (Tønnesen, 2007: 51) Dette temaet er eit stort område som det kan vere vanskelig å få oversikt over, men det er viktig at ein som lærarar prøvar å setje seg inn i elevane sin digitale kvardag, og finne ut korleis dei bruker digitale media, slik at det er mogeleg å finne ut kva som vil fungere i skulen, og kva som i større grad kan motivere elevane, slik at dei føler skulearbeidet er relevant og meiningsfylt for kvardagen deira.

I følgje Tønnesen er det forskjell på kva gutar og jenter brukar PC-en til. I 15-åringar sine svar på eit spørjeskjema om kva dei brukar datamaskina mest ttil (2004) var det flest av gutane som svarte at dei brukte datamaskina mest til spel, medan det var flest av jentene som svarte at dei brukte den mest til chat og e-post. (Tønnesen, 2007, s. 38) Det kan derfor vere ei kjønnsfordeling i forhold til digitale interesser blant elevane som ein bør ta omsyn til som lærar i skulen. Ein kan f.eks. veksle mellom bruk av ulike typar digitale aktivitetar, slik at alle elevane får jobbe med noko som interesserar dei av og til.

Tønnesen skriv også at ein del av kompetanseoppbygginga og kunnskapsproduksjonen i oppveksten forflyttast til nye arenaer "der de jevnaldrende som kan litt mer en de andre blir viktige læremestre" (Tønnesen, 2007: 11). Eksempel på dette finn ein bl.a. på YouTube, der mange folk, både barn og vaksne har lagt ut over 1 milliard videoar! Her kan ein lære om alt ein kan tenke seg, frå å spele gitar og sjå på treningstips, til å lære om menneskets evolusjon frå apane. Så det er absolutt potensiale for konstruktiv bruk av dette mediet i skulen. Det kan vere eit nyttig supplement til læreboka for å visualisere ulike tema, slik at lærestoffet kanskje blir meir forståeleg for elevane. Men utfordringa kan vere å finne gode filmar sidan der er så mange å velje i mellom, og elevane kan lett bli distraherte av useriøse filmar, så her bør lærar velje ut relevante filmar på førehand.

Andre digitale verkty elevane gjerne brukar på fritida som kan vere nyttige i skulen, er:

- Blogg: Dei kan skrive samansette tekstar, lage digitale porteføljer, skrive logg og diskutere faglege tema med lærar, medelevar og andre.
- Flickr: Kan nyttast til å finne og lagre bilete til bruk i kunst og handverk.
- MSN og Facebook: Elevane kan få svar på spørsmål i forbindelse med skulearbeid, eller skrive beskjedar til lærar utanom skuletid.
- Spel (ulike typar spel som kan gi elevane fagleg læring)

Ein kan også introdusere andre digitale verkty som elevane kanskje ikkje brukar i så stor grad på fritida, men som dei likevel kanskje synest er kjekke, som

- Comic Life (lage digitale teikneseriar)
- Prezi (lage fantasifulle presentasjonar)
- Xtranormal Activity (lage animasjonsfilmar)

Kjelde:

Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo, Universitetstforlaget.

Leksjonar:

Amdam, S. (2010). Digital arena 1. Barn og unge sin digitale arena.

Antvort, K. (2010). Digital arena 2. Barn og unges digitale arena.

Antvort, K. og Bakke Sæterås, K. (2010) Sammensatte tekster.

onsdag 10. februar 2010

Digitale tankekart

Tankekart i MinDomo

Fordelar med digitale tankekart er at det er lett å strukturere, det er ingen fysisk avgrensing, det er lett å redigere og angre, lett å arkivere og finne att, og lett å eksportere/ presentere for andre. I MinDomo kan ein også samarbeide med andre i same tankekart.

I skulen kan ein f.eks. nytte tankekart til å få oversikt over eit tema, ta notat, idemyldre, lage disposisjon til ei oppgåve, planlegging, hjelp til å huske viktige stikkord før prøver, som kognitiv støtte og ved samarbeid. Mykje av dette er nyttig både på skulen, i arbeid og for dagleglivet ellers.

Eg har laga eit tankekart i MinDomo som hjelp til planlegging og strukturering av ei gruppeoppgåve i Mat og Helse: Utforsking av matpåstandar. Det var ei god hjelp for å få oversikt over kva vi skal gjere, og korleis vi kan finne svar på oppgåva. Lenka til tankekartet er å finne her: http://www.mindomo.com/view.htm?m=a68a87c961c249f9b80d39a8506316d7

Her er også eit bilete av tankekartet:

tirsdag 9. februar 2010

Verkty for arbeid med samansette tekstar

Eg har sett på verktya Comic Life og Prezi, og vil skrive litt om kva mogelegheiter desse kan gi for arbeid med samansette tekstar i skulen. UFD (2006) beskriv samansette tekstar slik: "Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan vere satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det inneberer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater." (UFD, 2006: 42)

Comic Life: Dette er eit artig program som ein kan nytte for å lage teikneseriar, bildeseriar med tekst, historier med tekst og bilete o.l. Det er derfor eit nyttig program i forhold til arbeid med samansette tekstar i skulen, f.eks. teikneseriar og bildefortellingar i norsk, kreativ framstilling av bilete i kunst og handverk, og å skrive logg med bilete ved f.eks. forsøk og feltarbeid i naturfag. Ein kan også til ei viss grad nytte det til å presentere tema i forbindelse med prosjektarbeid eller andre oppgåver i dei ulike faga, men andre program, som Prezi er kanskje meir tenkt til presentasjon.

Comic Life er eit enkelt program, der ein kan velje mellom ulike typar oppsett, dra inn eigne bilete, sette inn snakkebobler eller tekstboksar og skrive tekst med ulike typar skrift og størrelse. Eg prøvde det, og det gikk raskt å finne ut korleis det virkar, så det kan vere ein fordel viss ein skal jobbe med teikneseriar i småskulen f.eks. Det er lisensiert, men ein kan prøve det gratis i 30 dagar. Det har også ein utdanningsversjon til redusert pris. Programmet må lastast ned og installerast på PC-en.

I norskfaget kan ein knyte bl.a. desse kompetansemåla til bruk av Comic Life:
  • uttrykke egne tekstopplevelser gjennom ord, tegninger, bilder, musikk og bevegelser (etter 2. årstrinn)
  • lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde (etter 4. årstrinn)
  • lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy (etter 7. årstrinn)
(UFD, 2006: 45-47)

I kunst og handverk er desse kompetansemåla relevante:
  • sette sammen og vurdere hvordan skrift og bilde kommuniserer og påvirker hverandre i ulike sammenhenger (etter 7. årstrinn)
  • dokumentere eget arbeid i multimediepresentasjoner (etter 10. årstrinn)
(UFD, 2006: 133-134)

I naturfag er dette kompetansemålet aktuelt:
  • skrive logg ved forsøk og feltarbeid og presentere rapporter ved bruk av digitale hjelpemidler (etter 10. årstrinn)
(UFD, 2006: 88)





Her har eg laga eit eks. på biletforteljing med ein skitur i Comic Life.


Prezi: Dette er eit web-basert presentasjonsverkty, men det kan også lastast ned. Det fins både betalingsversjonar og ein Edu-versjon for lærarar og studentar som er gratis. Her må ein lage seg ein brukarkonto. Presentasjonen består av eit stort ark, der ein kan legge til bilete, animasjonar, tekst osv. Alle elementa her kan roterast, endrast i storleik og flyttast. Ein kan så teikne opp ein "sti" for kva rekkefølgje elementa skal visast i, og zoome inn der ein vil ha eit nermare blikk på ulike delar av presentasjonen. Presentasjonane kan også redigerast i ettertid.

I forhold til arbeid med samansette tekstar i skulesamanheng, er dette eit veldig enkelt og bra verkty for elevane å bruke for å presentere arbeid dei har gjort i ulike fag i form av ein samansett tekst. Presentasjonen kan bli ganske stilig ved å bruke ulike verkty, slik at det blir artig for elevane både å lage den og å sjå på andre sine presentasjonar.

I naturfag er desse kompetansemåla relevante:
  • publisere resultat fra egne undersøkelser ved å bruke digitale verktøy (etter 7. årstrinn)
  • foreta relevante værmålinger og presentere resultatene med og uten digitale hjelpemidler (etter 7. årstrinn)
(UFD, 2006: 87)

I samfunnsfag er dette aktuelle kompetansemål:
  • lage visuelle framstillingar av to eller fleire tidlege elvekulturar ved hjelp av digitale verkty (etter 7. årstrinn)
  • planlegge og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy (etter 7. årstrinn)
(UFD, 2006: 122)

Her er ei lenke til ein film på nettsida til Prezi som beskriv korleis Prezi kan vere eit nyttig presentasjonsverkty: http://prezi.com/


Kjelder: UFD (2006) Læreplanverket for kunnskapsløftet. Midlertidig utgåve, 2006. Oslo: Utdannings- og forskingsdepartementet.

torsdag 21. januar 2010

Presentasjon av sosiale verkty i Wikien

Gruppa vår (nr. 3) ; May Helen Gjengedal, Marie Bortheim og Tove Merete Bøe, har i wikien vår skreve om ulike funksjonar i fire sosiale nettsamfunn: Facebook, MSN, Wiki og YouTube. Vi har også kommentert korleis ein kan bruke desse på ein pedagogisk måte i skulen.


Lenka til gruppe-wikien vår er å finne her: http://dklgruppe3.wikispaces.com/

onsdag 13. januar 2010

Sosial Web

Nettsamfunn i skulen:

Det ligg store mogelegheiter i det å ta i bruk den sosiale weben (Web 2.0) i skulen. Elevane kan då enkelt laste opp og dele kunnskap med kvarandre, og dette ligg det mykje lærdom i, både i forhold til digital og sosial kompetanse, og i forhold til opparbeiding av fagkunnskap. Her er det mogelegheit for bruk av multimodale tekstar (tekst, lyd og bilete) i undervisninga, som mange elevar lærer lettare av enn berre å lese ein tekst. Samtidig kan ein kanskje klare å engasjere skuleleie elevar som ikkje forstår vitsen med skulen, fordi mykje av innhaldet der ikkje er relatert til dagleglivet deira (som består mykje av digitale medium). Digital kompetanse (ein av 5 gr.leggande ferdigheiter) og bruk av samansatte tekstar er også ein viktig del av LK 06.

Det ligg også ein del utfordringar i det å ta i bruk sosiale nettstadar i skulen. For det fyrste kan det vere ein fare for at elevane sit på Facebook eller YouTube og ser på lite faglege ting i staden for å følgje med i undervisninga, og det er kanskje ein del elevar som ukritisk melder seg inn i mange ulike nettsamfunn og publiserar ting utan å tenke over konsekvensane. Derfor er det lurt å ta nokre forholdsreglar, som f.eks. å vere tydeleg på kva metodar og medium som skal brukast i undervisninga, og ha klare retningslinjer for bruk av Internett og nettsamfunn som er utarbeida av lærarar og elevar saman. F.eks. treng ikkje elevane ha eigne pc-ar tilgjengelege på pulten heile tida, men dei kan få jobbe med data i eigne timar på datarom. Slik blir mest mogeleg av tida brukt til faglege ting. Lærar bør også ha mest mogeleg oversikt over kva elevane jobbar med, og bør derfor vere registrert på dei same stadane som elevane.

Eks. på sosiale nettsamfunn i skulen:

YouTube:
På YouTube kan ein finne filmar om all verdens tema ein kan tenke seg, og det er enkelt å laste opp filmar til eiga side (viss ein har registrert seg - noko som er enkelt) og søke i andre sine filmar, der ein også får tips til andre filmar innanfor same tema. Her kan ein lære mykje, også innanfor skulefaglege tema. Dette er ein god ressurs som kan nyttast i undervisninga på mange måtar. Elevane kan laste ned/lagre relevante videoar, og kanskje laste opp videoar som dei lagar på skulen. Mange elevar nyttar denne nettstaden i fritida si, og derfor bør ein vise interesse og utnytte den kompetansen elevane har på dette feltet. Ei utfordring kan vere at elevane blir distrahert av mange andre filmar som ikkje er relatert til undervisninga. Derfor bør det kanskje i størst grad vere eit medium læraren brukar til å vise eksempel frå ulike faglege tema på ein projektor i klasserommet e.l. Det kan mange elevar som synest det er mykje meir spennande og meir lærerikt å sjå filmar i forhold til å berre lese i ei bok, fordi dei får fleire inntrykk i form av både lyd, bilete og tekst. Dei blir sannsynlegvis også meir motivert når dei ser at læraren tek fritidskulturen deira på alvor, og ser nokon av dei same mogelegheitane som dei gjer i forhold til desse nettsamfunna.

Facebook: Veldig mange unge er registrert på Facebook og brukar dette dagleg, eller i alle fall fleire gongar i veka. Her kan ein skrive kva ein gjer på i augeblinken, kommentere andre sine innlegg, melde seg inn i ulike grupper alt etter interesse og diskutere ulike tema, chatte, legge til ulike spel og underhaldning, videoar, bilete, musikk og mykje meir. Derfor er det mange mogelegheiter for skulearbeid her, f.eks. i forhold til multimodale tekstar. I staden for at elevane må lure seg til å sjekke sida si i timane, kan dei heller bruke det i skuletimane på ein fornuftig måte, f.eks. få i oppgåve å skrive innlegg om eit tema på ei gruppeside,
ha faglege diskusjonar med medelevane, elevane kan kome med spørsmål til læraren og medelevane viss dei legg kvarandre til som kontakter. Det er også ein plass der skulen kan legge ut informasjon.

Del og bruk: Dette er eit nettverk for lærarar, pedagogar, forskarar, byråkratar, bibliotekarar og andre med interesse for sosial web, IKT og skule. Ein kan dele meiningar og kunnskapar om ulike skulefaglege tema og Sosial Web/ IKT. Her kan f.eks. lærarar kome med innspel i forhold til korleis ein kan bruke IKT i undervisninga og få gode tips til undervisningsopplegg av andre. Eg er litt usikker på kor relevant dette er for elevar, for det virkar som det er helst for lærarar og liknande.


Kjelder:

Hontvedt, M. (2008) Forskning viser vei 14 - ITU. Internett. Tilgjengeleg
frå: http://www.ituarkiv.no/filearchive/FV14.pdf [Lasta ned 13.01.10]

Hontvedt, M. og Kløvstad, V. (200) Nye nettfenomener. Internett. Tilgjengeleg
frå: http://www.ituarkiv.no/filearchive/Nye_Nettfenomen.pdf [Lasta ned 13.01.10]

Kløvstad, V. og Storsul, T. (2009) Vil du laste ned Web 2.0? Internett. Tilgjengeleg
frå: http://deltemeninger.no/-/page/show/2807_vil-du-laste-nedweb-
2-0?ref=mst [Lasta ned 13.01.10]

Youtube. Michael Wesch (2008). Web 2.0 og læringsmiljø. Internett. Tilgjengeleg frå: http://www.youtube.com/watch?v=J4yApagnr0s [Lasta ned 13.01.10]

onsdag 18. november 2009

Øvingsoppgåver om hensyn

Øvingsoppgåve 1:

Spørsmål 1: Kva betydning har alt dette for f.eks. å legge klassebilder ut på nett?

Svar: For å kunne legge klassebilder ut på nett må ein ha tillatelse frå elevane, og foreldra viss elevane er under 15 år. (Personvern) Ein må også ha tillatelse frå dei som har teke biletet. (Opphavsrett) Personvernlova er til for å beskytte oss mot at nokon missbrukar bilete av andre, medan Opphavsretten skal passe på at andre ikkje missbrukar andre sine skapande arbeid, slik at opphavspersonen taper på det.

Spørsmål 2: Korleis slår dette ut i forhold til å avbilde elevar i læringsarbeidet, på ekskursjonar, på tur, på tilstelningar i skulens regi og andre aktuelle situasjonar som ofte avbildast?

Svar: Ein må spørje elevane og foreldra om tillatelse for å kunne publisere bilete med elevar som ein kan identifisere, men det er gjerne vanleg å bruke delvis generelle samtykker, der ein spør elevar og føresette med jamne mellomrom, f.eks. kvar år eller halvår, om generell tillatelse til publisering i gitte samanhengar, samtidig som ein informerer om kva rettigheiter dei har. Slik blir det ikkje så tungvint for skulen, ved at dei slepp å spørje om tillatelse ved kvart bilete dei skal publisere. Skulen bør få eit aktivt samtykke ved å få inn underskrevne skjema, slik at dei er sikre på at foreldra sitt samtykke er "frivillig, uttrykkelig og informert". (http://www.datatilsynet.no/)


Øvingsoppgåve 2:

Spørsmål 1: Situasjon: Jeg er fortsatt fotograf, og det er fortsatt mine barn. Kunne du da
publisere bildet uten tillatelse?

Svar: Den som har teke biletet, har opphavsrett til biletet, og dermed kan ikkje nokon andre publisere biletet utan tillatelse frå fotografen. Er personar avbilda slik at det kan vere mogeleg å identifisere dei, må ein ha tillatelse frå desse og eventuelt foreldra deira (når barna er under 15 år), for å kunne publisere biletet. (Personvern) Her kan det kanskje vere vanskelig å identifisere borna, så ein må gjere ei objektiv vurdering i forhold til spørsmålet om borna kan identifiserast i slike tvilstilfeller, og ofte er det best å la vere å publisere biletet for å vere på den sikre sida.

Spørsmål 2: Situasjon: Du er fotograf, og dette er dine elever. Kunne du da publisere bildet
uten tillatelse?

Svar: Ein kan jo tru at det må vere lov, sidan det er vanskelig å identifisere elevane på biletet. Men ein kan ikkje publisere bilete med elevar som kan vere mogeleg å identifisere (f.eks. viss biletet er frå nærmiljøet, der det er mogeleg å kjenne att elevane utan å sjå ansiktet deira), utan å få tillatelse frå elevane på biletet og foreldra deira. Viss det derimot er aktiviteten eller andre motiv enn barna som er i fokus, slik at barna ikkje er mogeleg å indentifisere, kan det heller vere mogeleg å publisere biletet. (http://www.datatilsynet.no/)


Øvingsoppgåve 3:

Formuler eit samtykkeskjema for din skule (ev. tenkt skule) som du meinar tek dei nødvendige hensyn.

Samtykkeskjema:

AVTALE OM PUBLISERING AV ELEVBILETE

For å informere heimen om arrangement, aktiviteter, prosjekter og liknande, ynskjer vi å legge inn bilete i tillegg til tekst på skulen si heimeside. Desse bileta vil ligge på nettsida vår i ca 1 år. Bileta vil vere passorbeskytta, så det skal vere sikkert å la bileta ligge der utan at andre kan kopiere dei.
For å legge ut identifiserbare bilete (portrett og klassebilete) av elevar, treng vi føresette si tillating. Skulen vil spørje om ny tillating kvart halvår. Føresette har rett til å avgjere om bilete av barna deira skal publiserast før barnet er 15 år. Etter fylte 15 år er det elevane sjølv som avgjer dette. I kvart enkelt tilfelle skal vi vurdere behovet, førmålet og sjå på ulempene publiseringa kan innebære. Vi vil ikkje gå ut med namn på elevane.


Eleven sitt namn: ________________________________

Klasse :_____________

Sett x for svar:

_____Eg er kjent med ”Retningslinjer for bruk av bilder av barn” på internettsidene til skulen. Datatilsynet har regler for innhenting av tillatelse og publisering av bilder av barn på internett - http://www.datatilsynet.no/. Disse retningslinjene legges til grunn på vår skule.

_____Ja, eg samtykkjer. Samtykket gjeld i eit halvt år, når vi sender ut nytt samtykkeskjema.

_____Nei, eg samtykkjer ikkje.

dato ___________ ______________________________

Føresette si underskrift


Vennleg helsing
(namn på rektor)



Kjelder:

Datatilsynet. Tilgjengeleg frå: http://www.datatilsynet.no/ Lesedato: 18.11.09

Åndsverkslova: http://www.lovdata.no/all/nl-19610512-002.html Lesedato: 18.11.09

torsdag 12. november 2009

Bruk av lyd i læringssamanheng

Lyd er noko som kan vere med på å gjere undervisninga meir spennande og interessant. Dette fordi ein del elevar lærer betre ved å høyre det dei skal lære, og fordi lyd saman med bilete og tekst gir fleire sanseinntrykk, slik at det er lettare å få med seg det som blir undervist om. Ein har også mange fleire mogelegheiter til å variere arbeidsmåtane ved å bruke lyd i undervisninga, gjerne i tilknyting til multimodale tekstar.

Ein tenkjer kanskje at lydbehandling er noko som har mest med musikkfaget å gjere, men også andre fag har områder som er knytt til lyd. Ein kan bl.a. arbeide med lyd i naturfag, der eit relevant kompetansemål i forhold til lyd etter 7. årstrinn er: ”gjennomføre forsøk med lyd, hørsel og støy, beskrive og forklare resultatene og hvordan vi kan skjerme oss mot uønsket lyd.” (UFD, 2006: 87) Då kan ein kanskje bruke eit lydbehandlingsprogram til å spele inn ulike lydar med forskjellig frekvens, og vurdere kor godt ein høyre lyden, eventuelt om ein oppfattar det som støy eller som behagelig å høyre på. Her kan ein også ha med litt teori om frekvens, lydstyrke, øyret si oppbygging osv.

Ein kan også ha om lyd i norsk, der ein kan arbeide med lyd i samansatte tekstar. I læreplanen for norsk står det: ”Hovudområdet samansatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan vere satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk.” (UFD, 2006: 42) Då kan ein f.eks. jobbe med å lage ein film om eit relevant tema, der lyd er ein viktig del. Elevane kan vise bilder samtidig som dei spelar inn stemmene sine i eit lydbehandlingsprogram, der dei fortel kva bileta viser. Filmen kan også innehalde tekst, slik at det blir eit heilskapleg uttrykk.

Det kan også vere relevant å bruke ein lydopptakar til å lese inn historier, eventyr og liknande for elevar som har vanskar med lesing og skriving i norsk eller andre språkfag. Då kan det vere ei god hjelp å høyre teksten, samtidig som ein ser på orda i boka. Slik kan ein nytte lyd i tilpassa opplæring. Ein lydopptakar kan også vere nyttig i musikk, der elevane kan spele inn musikk og sang, og lytte til det seinare , slik at dei kan reflektere over kva som er bra, og kva dei kanskje kan gjere annleis.

Det er ikkje berre i norsk at ein kan jobbe med samansatte tekstar. I alle fag skal det jobbast med grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving og digitalt arbeid. Då ligg det i følgje Høiland og Wølner (2007) også til rette for å arbeide med multimodal tekst (og dermed lyd) i alle fag. (Høiland og Wølner, 2007: 37)

Eit lydbehandlingsprogram som kan vere aktuelt å bruke, er Audacity. Det er eit avansert og godt program ein kan laste gratis ned frå Internett, og det er nokolunde enkelt å lære. Til dette programmet bør ein laste ned ei tilleggsfil, så ein kan eksportere lydfiler til MP3. I dette programmet kan ein spele inn tale, redigere tale og musikk på ulike måtar og gjerne lage høyrespel, Nettradio eller liknande. Elevane kan legge dei redigerte lydfilene i ei digital mappe og gi respons på ulike delar ved lydfila, slik at det blir ein pedagogisk tekst der dei kan lære av kvarandre. (Høiland og Wølner, 2007: 39)

Det er også viktig at elevane får kjennskap til gjeldande lover og reglar, og respekt for opphavsrettsleg beskytta materiale. Ein kan også bruke lybehandlingsprogramma Beaterator og Sequel i arbeid med bl.a. struktur, form og dramaturgi f.eks. i forhold til musikk. (Otnes, 2009: 219-222)

Kjelder:

Høiland, T. & Wølner, T. A (2007) Fra digital ferdighet til kompetanse - om didaktikk for
arbeid med digitale medier i skolen. Oslo, Gyldendal Akademisk.

UFD (2006) Kunnskapsløftet: Fag og læreplanar for kunnskapsløftet. Undervisnings- og
Forskningsdepartementet [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep [Lasta
ned 11.11.2009]

Otnes, H. (2009) Å være digital i alle fag. Oslo, Univeritetsforlaget.

fredag 6. november 2009

Øvingsoppgåve: Undervisningsopplegg med rekneark

I Google docs publiserte eg eit rekneark (eg brukte Open Office calc), med to ulike typar gangetabellar. Her er lenka til dette reknearket: https://spreadsheets.google.com/a/ga.hivolda.no/ccc?key=0AvTjTOOev7yRdEp0Wnk5ZGdsQ0VVQk5iNXAxb3dXcGc&hl=no
Desse gangetabellane vil eg bruke i undervisningsopplegget.

Eg tenkte at ei 5. klasse i matematikk kan jobbe med å øve på hovudrekning og strategiar for hovudrekning i dei ulike gangeartane i multiplikasjonstabellen (i rekneark) i ein time på datarommet.

Kompetansemål etter 7. årstrinn i Matematikk som er relevante:
- utvikle og bruke metodar for hovudrekning...
- ...bruke rekneark for å utføre og presentere enkle berekningar.
- stille opp og forklare enkle berekningar og framgangsmåtar, og argumentere for løysingsmetodar.
(UFD, 2006: 62)

Det å bruke digitale verkty er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheitene i alle fag, i tillegg til at rekneark er nyttig for å øve på hovudrekning og strategiar for dette. Det blir dermed ikkje mest fokus på å lære tekniske ferdigheiter, men på matematikken.

Fyrst kan lærar vise elevane på ein projektor korleis den 1. gangetabellen fungerar, ved å skrive eit tal i celle B4, slik at gangearten forandrar seg til same talet. Slik kan ein få fram alle gangeartane i same tabellen! Lærar bør også kommenere at det berre er dette talet dei skal forandre, ikkje nokon av formlane. Deretter kan elevane få prøve seg fram i ein ferdig tabell, med to elevar per datamaskin. Gangetabellen kan gjerne vere litt pynta med fargar og liknande, slik at elevane blir meir motiverte til å jobbe med den. Elevane spør så kvarandre i dei ulike gangeartane, dei svarar, og sjekkar svaret etterpå ved å taste inn gangearten i reknearket. Lærar kan deretter kome med ei utfordring: f.eks. kva 8,5 * 5 er, eller liknande litt vanskelige hovudrekningar. Dei som trur dei veit svaret, svarar, og lærar og elevar sjekkar svaret i gangetabellen i reknearket. Dei som visste svaret kan så prøve å forklare korleis dei kom fram til det. Her må elevane gjerne komme med fleire ulike forslag. Slik kan elevane lære ulike strategiar for hovudrekning av kvarandre.

Til ein seinare time kan elevane få prøve å lage ein slik gangetabell sjølv, sidan den er nokolunde enkel og rask å lage. Dei bør før det ha fått litt grunnleggande kunnskapar om rekneark, slik at det ikkje blir altfor vanskelig, og lærar viser fyrst på projektor. Elevane kan då ha mogelegheit til å lage same gangetabellen heime, og øve på hovudrekning også der.

Gangetabell nr. 2 er tenkt som eit hjelpemiddel til å få oversikt over dei ulike gangeartane, og det kan også bli lettare å sjå samanhengar mellom dei. Denne kan også elevane få prøve å lage sjølv ved eit seinare høve, for den er ganske enkel å få til. Men dei må lære korleis ein kopierar ein formel der ein eller fleire av cellereferansane i formelen ikkje skal endrast. (Absolutt cellereferanse) Dette kan ein gjere ved å skrive dollarteikn framfor dei cellereferansane som ikkje skal endrast: f.eks. C$18*$B19. Denne formelen brukte eg i ei av cellene i gangetabellen (1*1), for så å kopiere den til resten av tabellen.

Kjelder:

UFD (2006) Kunnskapsløftet: Fag og læreplanar for kunnskapsløftet. Undervisnings- og
Forskningsdepartementet [Internett]. Tilgjengeleg frå: http://www.udir.no/grep [Lasta
ned 05.11.2009]

Ottesen, L m.fl. (2000). IT-guiden. Bergen: Økonomiforlaget i samarbeid med Fagbokforlaget.

Leksjon om rekneark 1: https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/906330713$285502021$/RomArkiv/5.+Veke+44-45+-+Regneark/Veke+44+-+Rekneark+1/DKL101_Regneark_1_h09.pdf. [Lasta ned 27.10.09]

tirsdag 20. oktober 2009

Foto-oppgåve

I denne oppgåva skal eg fyrst bruke eit bilete der motivet er plassert midt på biletet, så redigere det etter tredjedelsregelen, og vurdere på kva bilete motivet kom best til sin rett. Eg skal så gjere det same med eit kvadratisk format, og vurdere om det endrar måten å oppfatte biletet på.

Når eg deretter skal bruke andre komposisjonsmessige verkemiddel for å framheve eit hovudmotiv, tolkar eg det slik at eg skal bruke desse verkemidla når eg tek biletet, ikkje at eg skal redigere biletet ut i frå desse komposisjonsmessige verkemidla. Litt usikker på om tolkinga mi er rett, men eg vil også prøve å redigere biletet, slik at eg er sikker. Så skal eg grunngje/ reflektere over kva eg meinar fungerar best i forhold til komposisjonsmessige verkty.

Til slutt skal eg vurdere eit foto henta frå Internett, og beskrive kva komposisjonsmessige verkty eg finn, og kva dei har å seie for korleis eg oppfattar biletet.















Her er eit bilete av katten min Nusse, som er plassert midt i biletet. Her virkar hovudmotivet eit stykke vekke, og ein får ikkje noko tydeleg inntrykk av hovudmotivet.
















Når eg redigerar biletet med Picasa 3, ved å klippe bort litt på høgre side og nedst på biletet, kjem katten nermare og blir meir i fokus, i tillegg til at det virkar som det blir meir harmoni i biletet. Eg klippte til biletet ut i frå tredjedelsregelen, som går ut på at ein tenker seg to vassrette og to loddrette strekar som er plassert 1/3-del inn i biletet frå kvar av sidene (Med utgangspunkt i det gylne snitt). Ein opplever gjerne at bilete der motivet er plassert i kryssingspunkta som betre/ meir spennande/ harmoniske. Eg plasserte katten mot venstre, for det virka mest naturleg sidan ho ser mot høgre.

Her er same bileta (originalbiletet og det som blei redigert ut i frå tredjedelsregelen) i eit kvadratisk format:







































Desse to kvadratiske bileta virkar mindre harmoniske enn dei to øverste, noko som kan ha med at formatet ikkje er laga i forhold til det gyldne snitt, som gjerne virkar meir tiltalande å sjå på. "Det gyldne snitt vil seie deling av ei linje eller ei flate i to deler slik at den minste delen held seg til den største som denne held seg til heile linja eller flata. Ein kan finne dette delingsforholdet igjen mange stadar i naturen, og spesielt på menneskekroppen." (Wikipedia: Det gylne snitt. lesedato 21.10.09)















Her er eit bilete av nabokatten min. Ved dette biletet har eg brukt komposisjonsmessige verkty som "det gyldne snitt" ved plasseringa av katten i biletet, og formatet på biletet. I tillegg er her ein kontrast mellom grått (katt og stein) og grønfargen på blada. Det er også kontrast mellom den glatte overflata på blada og den mjuke dunaktige pelsen til katten. Her er balanse og harmoni i biletet pga plassering ut i frå det gyldne snitt, at det ikkje er skeivt og at her ikkje er nokon forstyrrande element. Katten står i mellomgrunnen, ved at det er nokre blad i framgrunnen og ein del grønt i bakgrunnen, slik at katten blir meir interessant å sjå på utan at den forsvinn, og kjem slik meir i fokus. Den får på ein måte eit litt mystisk uttrykk ved at den gøymer seg litt bak nokre av blada. Det er litt overvinkling, som vil seie at ein tek bilete ovanfrå og ned. Slik får katten eit litt underdaning uttrykk, i forhold til viss ein hadde teke bilete nedanfrå og opp. Det kjem litt lys frå venstre side, og slik kjem ansiktet til katten meir i fokus. Katten får på ein måte ei slags innramming av blada som omgir den også, noko som skapar ei litt spennande bilde.

Komposisjonsmessige verkty eg meinar virkar best, er plassering ut i frå tredjedelsregelen (det gyldne snitt), kontrastar, innramming og balanse. Dette fordi det gyldne snitt og balanse skapar meir harmoni i biletet, og kontrast og innramming tilfører spenning til biletet og gjer det meir interessant. Det er sjølvsagt andre komposisjonsmessige verkty som gjer bileta spennande også, som overvinkling/undervinkling, bruk av lys, linjer og lukkartid, men personleg likar eg best bilete med harmoni og eit litt mystisk/ eventyraktig uttrykk.

Eg prøvde også å redigere biletet i Picnik, ved å legge til meir farge, gjere biletet litt skarpare og mørkare, og tilføre meir kontrast. Slik blei det enda meir kontrast mellom katten og det grøne rundt, i tillegg til at katten kjem enda meir i fokus. Biletet blei merkelig nok ein del mindre etter at eg hadde redigert det i Picnik, og eg fikk det ikkje større utan at det blei uklart, så sånn blei det...

Dette biletet frå Internett er henta frå openphoto, som er ei side det er lov å laste ned bilete frå. (openphoto. Lasta ned 21.10.09)




















Komposisjonsmessige verkty eg finn i dette biletet, er bl.a. bruk av linjer, der brua på ein måte delar opp resten av motivet i mindre delar, noko som skapar ein spennande effekt i biletet. I tillegg skapar linjene djupne i biletet, ved at brua ser breiare ut til høgre i biletet og blir smalare og smalare etter kvart som ein bevegar seg mot venstre. Dermed får ein følelse av at den delen av brua til venstre går innover i biletet. Det blir skapt ein symmetri ved at brua, åsen og himmelen blir spegla i vatnet, slik at biletet blir likt oppe og nede. Dette skapar ein balanse, samtidig som biletet blir meir interessant å sjå på. Her er også kontrast mellom den lyse himmelen og den mørke åsen/ brua. Det gjer at brua blir meir i fokus, og biletet blir tydelegare og spennande å sjå på.

Kjelder:
- openphoto: http://openphoto.net/gallery/image.html?image_id=5824&hints=bridge_strawberry_mansion Lesedato: 21.10.09
- Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Det_gylne_snitt. Lesedato: 20.10.09.
- Leksjon om Digital Foto og Bildebehandling; komposisjonsmessige verkty: https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/906330713$30368546$/RomArkiv/4.+Veke+42-43+-+Digitale+bilete+og+rekneark/Veke++42+-+Digital+foto+og+biletbehandling/H09_DKL_Bilete_1+_prcent_285_prcent_29.pdf.

tirsdag 6. oktober 2009

Oppgåve 2: Plagiat i skulen

Eg har ikkje så mykje erfaring med plagiat i skulen sidan eg ikkje har jobba noko enda, men eg forstår at det kan vere ein lett veg å gå for enkelte elevar, sidan det er så lett å kopiere informasjon frå nettet. Viss dei ikkje har blitt gjort bevisst på kva som konkret blir forventa av teksten deira, er det kanskje lett å tru at det er bra nok å berre klippe og lime frå tekstar dei har funne frå nettet. Dei forstår kanskje ikkje at det blir store forskjellen om dei skriv same innhaldet med eigne ord. Det går jo mykje raskare å berre klippe og lime!

Viss elevane skal skrive ein akademisk tekst er det jo greit å bruke tekstar på nettet, viss dei passar på å henvise til kjeldene der dei brukar sitat osv., for det kan jo vere veldig mykje informasjon av god kvalitet på nettet. Ein kan jo også føreslå biblioteket, som kan vere ein relevant stad å hente informasjon. Men det er viktig at læraren opplyser om åndverklova, og at det er ei alvorlig sak å plagiere andre sine tekstar. (Lovdata) Problemet er også at mange kanskje gløymer å oversette frå bokmål til nynorsk, rettskrivinga og grammatikken kan bli så som så, og det blir gjerne ein lite heilskapleg tekst viss ein klipper og limer frå ulike nettsider. Slik kan teksten bli veldig rotete, og elevane lærer gjerne ikkje så mykje, bortsett frå å søke etter relevant informasjon. Så dette kan nok vere eit reelt problem i skulen.

Derfor er det viktig at læraren gjer elevane bevisst på kva som blir forventa av teksten deira, og kva som er viktig å fokusere på. F.eks. viss elevane skal skrive ein akademisk tekst, kan dei godt bruke kjelder frå nettet. Men ein må bevisstgjere elevane på at dei må vurdere nettsidene kritisk, sidan ikkje alle sider er like truverdige. Elevane må også ha henvisningar i teksten der dei har brukt sitat osv. I tillegg er det viktig å fokusere på at dei skal skrive teksten sjølv, ikkje berre klippe og lime. Poenget er gjerne ikkje at dei skal ha med mest mogeleg informasjon, men at dei skal lære korleis ein byggjer opp ein god tekst. Då er det også viktig å ha fokus på korleis ein lagar gode setningar, val av ord, avsnitt, innleiing, hoveddel og konkusjon, som bl.a. Aaberge nemner i sitt svar på Jon sitt innlegg. (Infodesign) Viss elevane derimot skal skrive ein skjønnlitterær tekst, kan ein kanskje fokusere på at det går an å få inspirasjon frå andre tekstar, både i bøker og på nettet, men at ein i desse tekstane skal bruke meir av eigen fantasi. Det er altså viktig å gjere elevane bevisst på kva som blir forventa ved dei ulike sjangerane.

Det er nok ei utfordring for mange lærarar å vite kva dei skal gjere med plagiat i skulen. Nokre synest kanskje plagiatkontroll er enkelt og effektivt for å motverke denne typen "fusk", slik Leif poengterar i sitt svar på innlegget til Jon. (Infodesign) Men lærer elevane noko av det? Dei får då kanskje følelsen av at læraren ikkje stolar på dei, og det er vel ikkje så positivt for sjølvfølelsen deira heller? Då vil eg tru det kanskje er betre å som sagt fokusere på korleis ein skriv gode tekstar, og heller veilede dei som er på ville vegar. Men derimot, viss det er snakk om målretta fusking, er det sjølvsagt ei anna sak. Då kan plagiakontrollar kanskje vere eit godt hjelpemiddel for å avsløre og slå ned på dette.

Kjelder:

- Lovdata: http://www.lovdata.no/all/nl-19610512-002.html
- Infodesign: http://infodesign.no/2007/03/legitimerer-teknisk-plagiatkontroll-en.htm?

mandag 5. oktober 2009

Bruk av hypertekstualitet osv. i skulen

Eks. på elevarbeid/ læringsressursar som nyttar hypertekstualitet/ interaktivitet/ multimodalitet:

- Læringsressursar: http://www.dammskolen.no/
- Elevarbeid: http://pluto.hive.no/pluto2003/hhaugest/norsk/hyptekst/index.htm
- Læringsressursar: http://www.skoleressurser.no/index.php?sideID=122

Eg trur at bruk av hypertekstualitet/ interaktive/ multimodale læringsressursar i skulen godt kan vere eit positivt tillegg til andre læringsressursar. Hypertekstualitet er gjerne eit nettverk av sider med utfyllande info, illustrasjonar osv. (f.eks. ei nettside), der lesaren sjølv kan bestemme kvar han vil gå vidare. Interaktivitet blir ofte brukt om samspel mellom ein brukar og eit datasystem eller program, der brukarens handlingar påverkar programmets utføring og omvendt. Multimodale tekstar treng fleire medium for å formidle bodskapen sin, der tekst, bilete og lyd er gjensidig avhengige av kvarandre for å vere meiningsberande. (Leksjon om tekst1)

Det å bruke oppgåver med lyd og bilete i tillegg til tekst kan gjere at oppgåvene virkar meir interessante, og slik blir kanskje ein del av elevane meir motivert til å jobbe i timane. Det kan også kanskje vere lettare å forstå kva som blir forventa i oppgåvene, sidan det blir visualisert. Fleire av oppgåvene minner kanskje litt om spel og oppgåver elevane brukar på fritida, og dermed blir det gjerne ikkje så teoretisk og kjedelig for elevane. Elevane kan også bli meir aktive og utforskande, sidan der er mange spennande oppgåver å velje mellom. Dette kan igjen vere med på å fremje tilpassa opplæring, sidan elevane lærer på ulike måtar. Slik lærer dei kanskje meir enn viss læraren berre skulle førelest om eit tema på tavla.

I følgje Høiland og Wølner (07) skal det arbeidast med grunnleggjande ferdigheiter som skriving, lesing og digitalt arbeid i alle fag, og då ligg det også til rette for å arbeide med multimodale tekstar i alle fag. Det skal arbeidast både med skriftlege og munnlege tekstar, og desse kan brukast gjennom presentasjon, foredrag og dramatisering, og utvidast til å bli ein samansett tekst med bilete, teikningar, musikk eller andre medieuttrykk. Det kan f.eks. vere avis, radio-, eller tv-reportasjer, internettsider, animasjonar, video, teikneseriar eller dataspel. (Høiland og Wølner 07: 37-38) Dermed er det absolutt aktuelt å bruke multimodaletekstar i skulen ved hjelp av IKT.

På den andre side er det ikkje alt av læringsressursar som er av like god kvalitet, eller som passar for alle elevar. Det er heller ikkje alle elevar som klarar å konsentrere seg om det dei skal når dei jobbar med oppgåver på Internett, og berre tullar med alt anna enn det dei skal. Så dette må ein jo vurdere som lærar, slik at ein ikkje set i gong med slike aktivitetar utan å ha reflektert over fordelar og ulemper. I følgje Høiland og Wølner (07) skal dei digitale hjelpemidla brukast når den kompetente elev eller lærar føler det er naturlig. For å kome dit, må dei bli ein naturleg del av skuledagen. (Høiland og Wølner 07: 44) Derfor bør ein kanskje ikkje vere redd for å nytte slike digitale hjelpemiddel i undervisninga, og det kan sikkert vere ein god ressurs, viss det blir brukt på ein god måte i relevante samanhengar. Mange lærebøker har f.eks. gode tilhøyrande nettsider, f.eks. læreverket "Yggdrasil" i Naturfag. (Lokus 123)

Kjelder:
- Høiland, Terje og Tor Arne Wølner (2007). Fra digital ferdighet til kompetanse- om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen. Oslo: Gyldendal akademisk.
- Leksjon om tekst 1: https://fronter.com/hivolda/links/files.phtml/906330713$285502021$/RomArkiv/3.+Veke+40-41+-+Tekst/Veke+40+-+Tekst+1/DKL101_tekst1_H09.pdf
- Lokus 123: http://www.lokus123.no/?marketplaceId=123&languageId=1&siteNodeId=3385964)

torsdag 24. september 2009

Gratis program i forhold til kjøpte i skulesamanheng

Dette er ein kommentar til Marie Bortheim sitt innlegg om temaet "Skulens ressurser vs. elevens tilgang på digitale verktøy heime." (http://bortheim.blogspot.com/)

Det er nok fleire og kanskje betre funksjonar i dei programma som må kjøpast, og ein del elevar er kanskje mest vant med slike program, som f.eks. Word, Excel o.l. Eg har heile tida brukt word som skriveprogram, og eg syntest det var nesten heilt umulig å skrive i Open Office då eg prøvde det i ein av praksis-skulane eg var på. Det er veldig frustrerande når funksjonane ikkje er slik ein forventar, så det er sikkert lurt å bruke litt tid på å lære elevane å bruke programma som er på skulen.

På den andre side er det ikkje alle familiar som har råd til å kjøpe dyre program, og derfor kan det vere positivt at skulen nyttar gratis-program, slik at også elevane frå desse familiane kan opne dokumenet på skulen som dei har skreve heime. PDF-formatet er derfor greit å bruke, slik at alle kan opne det utan at dokumentet forandrar seg.

Gratis-programma har som regel dei funksjonane som er nødvendige, så det er kanskje ikkje nødvendig å kjøpe dyre program når ein kan få dei gratis?

mandag 21. september 2009

Øvingsoppgåve3, samling 1: Dataansvarlige

Kva kompetanse bør ein data-ansvarleg på skulen ha?


Ein forventar gjerne at den data-ansvarlege på ein skule skal kunne fikse "alt" av tekniske problem, samtidig som han skal kunne veilede elevane, men dette er vel å legge litt for mykje arbeid på den data-ansvarlege.

Vi kom bl.a. fram til desse punkta, i forhold til kva ein data-ansvarleg på skulen bør kunne:

- Han/ ho bør ha didaktisk kompetanse i IKT for å kunne veilede elevane i forhold til å utvikle deira digitale kompetanse i fag.

- Kanskje kan han/ ho også vere med på å gi grunnleggande datakurs til foreldre som ikkje har så mykje greie på data, slik at det blir lettare for dei å følgje med på kva borna gjer på skulen. (Sidan dei fleste skular no har eiga heimeside og digital læringsplattform.)

- Den data-ansvarlege bør også ha grunnleggande kunnskap om datateknikk, slik at han/ ho kan reparere enklare problem ved datamaskinene.

Det bør kanskje vere fleire som har ansvaret for ulike delar av den digitale kompetansen på skulen, slik at ein tek seg av det didaktiske, medan ein anna fokuserar på det meir tekniske. Slik blir ikkje alt ansvaret lagt på ein person, og det blir mindre arbeid på kvar. Om dei data-ansvarlege jobbar som lærarar i tillegg, bør kanskje ikkje stillinga vere større enn at det er overkomeleg arbeidsmengd til samen, slik at ikkje den data-ansvarlege blir overarbeida. Viss den data-ansvarlege ikkje jobbar som lærar i tillegg, kan ein kanskje forvente at han/ ho skal ha såpass kompetanse i datateknikk at han/ ho kan reparere meir avanserte problem ved datamaskinene, og ha eit større ansvarsområde.

Skulen bør også kanskje ha enkelte datadelar i reserve, slik at det er lettare å fikse datautstyr som ikkje virkar. Det er også ein fordel at maskinene er forholdsvis nye, slik at ein slepp å fikse dei heile tida. Slik kan ein spare mykje frustrasjon. Det er vel ikkje alle kommunar som har råd til altfor mykje datautstyr, men det burde vere øyremerka midlar til dette, sidan digital kompetanse er ein av dei 5 grunnleggjande dugleikane i skulen.


På gruppa: Jorunn Navelsaker, Tove Merete Bøe, Kristine Sandnes og May Helen Gjengedal

https://docs.google.com/a/ga.hivolda.no/Doc?docid=0AfTjTOOev7yRZGdoNms1YjhfMWMzZ3czcGdo&hl=no

søndag 20. september 2009

1. samling: Øvingsoppgåve 2

Refleksjon rundt bruk av digitale mapper i forhold til skriftleg eksamen i skulen:

Ved å bruke digitale mapper blir kanskje elevane meir motivert til å jobbe ordentleg med oppgåvene undervegs i semesteret, sidan dei veit at nokre av oppgåvene vert vurdert ved mappevurdering. Elevane får også utvida sin digitale kompetanse ved å bruke digitale hjelpemiddel, og det er dessutan lettare å forandre på eit digitalt dokument enn eit som er skrive for hand. Nokre synest derimot at det er best å pugge alt og gjere ferdig eksamenen på ein dag, og ferdig med det, medan andre treng å ta det meir gradvis og få vise kva dei kan undervegs. Det er kanskje også lettare å skrive om eit tema som ein nettopp har hatt om.

Ved bruk av mappeoppgåver får elevane gjerne ei tilbakemelding frå læraren på oppgåvene dei har gjort, og kan slik lære noko nytt, samtidig som dei får mogelegheit til å forbetre oppgåvene før innlevering av mappa. Dei får også meir øving i å bruke relevante kjelder, noko som er viktig både i skulen, arbeidslivet og livet ellers. Nokon meiner kanskje at dette er ei meir rettferdig vurderingsform, medan andre synest det blir for enkelt for elevane. Det kan jo vere fare for at elevane brukar rein avskrift av andre sine arbeid, men dette er gjerne ikkje så vanskelig å oppdage viss ein kjenner elevane godt, så då er det kanskje ikkje noko stort problem.

Så kanskje ein kombinasjon av begge eksamensformene er å føretrekke, men at ein legg mest vekt på mappevurderinga? Då får elevane vist at dei kan ein viss bruk av digitale verktøy i arbeid med mappeoppgåvene, og har forstått kva temaet handlar om. Samtidig som dei får vist at noko av pensum sit igjen ved ein skriftleg eksamen, og ein viser at ein også kan å skrive ein tekst for hand.